Mens mormor frå Sunnfjord stullar på kjøkkenet, pludrar pappa med Marie, fire månadar, på stovegolvet.

Marie kom til verda på den ellevte dagen i den ellevte månaden i 2002, til stor glede for heile familien — sjølv om svangerskapet ikkje var planlagt, og forholdet mellom mamma og pappa var historie.

— Eg var ikkje like sikker heile tida på at det skulle gå så bra, fortel mamma Ragnhild Kristiansen i dag.

— Det var absolutt ikkje i mine planar å bli gravid, men på sikt har det vore ei gledeleg overrasking. Marie har berre vore i livet mitt i fire månadar, men eg kan ikkje førestille meg livet utan henne.

Økonomisk var ikkje graviditeten noko krise. Ragnhild er utdanna fysioterapeut og har fast jobb. Men det var ikkje aktuelt å gjenoppta forholdet til barnefaren, og busituasjonen var heller ikkje tilfredsstillande med tanke på eit lite barn.

— Situasjonen gjorde meg stressa, og eg hadde behov for å rydde opp i hovudet mitt og få ting på rett spor. Men abort var aldri aktuelt.

Ragnhild oppsøkte Alternativ til abort-kontoret, først og fremst fordi ho hadde spørsmål om økonomi.

— For meg var denne samtalen svært nyttig og verdifull. Etter kvart dreidde temaet over på andre aspekt ved det å føde barn til verda, fortel ho.

Ragnhild gjekk dessutan på svangerskapskurset til AAN.

— Eg kunne ikkje tenkje meg å gå på vanlege svangerskapskurs, omgitt av mange lykkelege par, fortel ho.

— Men på dette kurset var vi alle i same situasjon, sjølv om alle har ulike historier. Vi på kurset held kontakten enno, og det har vore utruleg positivt.

Etter at Marie vart født, kjem pappa på besøk fleire gonger i veka.

— Eg var bevisst på at eg ville inkludere barnefaren og hans familie, og dei har vore kjempepositive heile vegen.