Kystministeren besøkte Fedje — men ikkje alle var like glade for at ho kom.

— Det ser ut som om tidlegare løfter og forpliktingar ikkje betyr så mykje, seier Lisbeth Stuberg.

Ho er blant aksjonistane i Fedjes aksjonsgruppe for å heve «U-864». Den tyske ubåten blei torpedert i 1945 av ein britisk ubåt.

- Dei køyrer sitt løp

Både ho og andre frammøtte på kaien på Fedje var skuffa over ministeren som styrer Fedjeubåtens vidare skjebne.

— Det virkar som om dei køyrer sitt løp, uansett kva vi meiner, seier Inger Steinsbø, også ho i aksjonsgruppa.

Både aksjonsgruppa og lokalpolitikarane hadde i ettermiddag møte med kystminister Lisbeth Berg-Hansen (Ap).

— Dette er den viktigaste miljøsaka i vår tid. Eg forstår ikkje at dei tør vente og utreie på nytt, seier Steinsbø.

Ny rapport

Sjølv var Berg-Hansen nøgd med møta.

— Eg kjente meg godt mottatt. Dei er bekymra, og det forstår eg godt. Dei må leve med trugselen, og veit kor skoen trykker, seier Berg-Hansen.

Ho meinte seg forstått med kvifor regjeringa har vedtatt å greie ut alle alternativ på nytt for ubåten.

Vedtaket kom etter ein knusande rapport frå konsulentselskapet Dovre. Den stilte spørsmålsteikn ved både pris og styringa av heveprosjektet.

— Eg må berre ta til etterretning om folk er misnøgde. Men eg må etter beste evne forsøke å forklare kvifor vi måtte snu. Då vi fekk rapporten, kunne vi ikkje halde fram, seier Berg-Hansen.

— Vi har ikkje tidsnød, seier fiskeriministeren.

Kan ikkje seie når

I dag besøkte ho Fedje for å snakke om kvikksølvet frå vraket av den tyske ubåten U-864. Ho hadde lukka møter med lokalpolitikarar og den lokale aksjonsgruppa for å heve ubåten.

— Vi snakkar ikkje om ei utsetting på ti år. Avgjerda om heving står fast, seier Berg-Hansen.

Men ifølgje tidlegare ekspertrapportar har flaskene med til saman 67 tonn kvikksølv begrensa levetid. Den er sett til 65 til 70 år. Ubåten blei senka i 1945.

Målinger på dei få flaskene som er tatt opp, viser at delar av flaskene berre er ein millimeter unna å vere gjennomrusta.

— Dei seier ubåten skal bli heva, men skal likevel utreie tildekking på nytt. Det er ein uthalingsteknikk for å sleppe å handle, seier Inger Steinsbø, ei av dei frammøtte på kaien.

Lisbeth Stuberg i aksjonsgruppa for heving er ei av dei som skal møte ministeren i løpet av dagen.

— Etter at regjeringa utsette heving, har det vore heilt stille. Det er eit problem. Vi lurer på kva som eigentleg skjer, seier Stuberg.