• Ingen nektar for at Hardangerbrua er stor og dominerande. Eg forstår at mange ikkje likar det, men vi kan ikkje gøyma ho bort.

JOHN LINDEBOTTEN

Det er Kjell Kvåle, prosjektleiar for Hardangerbrua, som seier dette til Bergens Tidende. Kvåle er vel kjend med Riksantikvaren sin kvasse kritikk mot ei gigantisk hengebru i eit fjordlandskap han kallar «et nasjonalklenodium» (sjå BT 4. januar).

Hardangerbrua vil få eit fritt spenn på 1.310 meter, og brutårna vil raga 180 meter opp i lufta.

I si fråsegn om Hardangerbrua i fjordlandskapet, legg Riksantikvaren mellom anna vekt på at brua vert synleg så langt borte som på det vidgjetne klyngjetunet Agatunet, som ligg eit godt stykke inne i Sørfjorden, på vestsida, ved Rv. 550 Utne-Odda. Dagleg leiar ved Agatunet, Guttorm Rogdaberg, tek ikkje det så tungt.

Må opp i lia

— Det er klårt at brua vert eit stort inngrep i landskapet, men for oss er ho langt borte, minst to mil. Og eg trur no ikkje vi ville sjå brua her nede frå tunet. Men dersom vi gjekk litt opp i lia, ville vi nok sjå brutårna, eller i alle fall det eine, på nordsida, trur Rogdaberg.

Anne Marie Øydvin er dagleg leiar for Ulvik reiselivslag. Ulvik er den turiststadens om ligg nærast Hardangerbrua, men Anne Marie Øydvin er sikker på at dei ikkje vil sjå noko av brua frå dei sentrale delane av Ulvik, rundt kyrkja og Brakanes hotell.

— Du må nok eit stykke bortover og oppover i lia for å sjå brutårna, trur Øydvin. - Vil brua verta ein attraksjon som dreg fleire turistar til Hardanger?

— Reiselivsnæringa vil berre ha brua. I alle fall dei tunge bedriftene, svarar Anne Marie Øydvin.

Urørt landskap

— Det er litt rart at reiselivet er så samstemt med halleluja for Hardangerbrua. Vi høyrer jamt at urørt natur og urørt landskap vert meir og meir verdfullt for reiselivet, seier Guttorm Rogdaberg. Samstundes må han vedgå at han er glad dei har fått ny og god veg langs vestsida av Sørfjorden, sjølv om det er der og er mange inngrep i landskapet.

— Vi var redde for at brua skulle koma først, og at det deretter ville vara lenge før vi fekk opprusta vår veg. Men no står berre parsellen forbi Aga att. Der har eg forresten eit ønskje til Statens vegvesen, og det er gode skilt til Agatunet frå den nye vegen, som skal gå i tunnel forbi Aga. Og så ein god parkeringsplass, seier Rogdaberg.