I Bergens Tidende i går lanserte Vest Tank og dagleg leiar Jostein Berland at statisk elektrisitet kunne ha medverka til at to tankar gjekk i lufta 24. mai. Ein radioamatør på Geilo skal, ifølgje Berland, ha hatt så store problem med høg statisk elektrisitet at han måtte ta ned radioantenna.

Det er ingen som i seg sjølv målar statisk elektrisitet. I Norge er SINTEF i Trondheim ansvarleg for å registrere lyn. Frank Dahlslett ved lynregisteret har ikkje notert noko særleg på eksplosjonsdagen eller døgnet før.

— Men det er ikkje nødvendigvis eit bevis på lav statisk elektrisitet. Det kan vere lokale fenomen. Det er heile tida litt statisk elektrisitet i lufta, og ekstra når det er tørt ver, seier Dahlslett.

Nedbørsmålingar ved Eikanger i Lindås viser at nedbøren i mai var over normalen, men også med periodar utan nedbør, ifølgje Vervarslinga på Vestlandet.

Rolf Eckhoff, professor i prosesstryggleiksteknologi ved Universitetet i Bergen, meiner teorien kan vere plausibel.

— Eg kan ikkje uttale meg spesielt om denne saka, men generelt er det eit kjent fenomen frå prosessindustrien at det kan oppstå elektriske ladningar i lufta, seier Eckhoff.