EYSTEIN RØSSUM

DAG IDAR TRYGGESTAD

RUNE CHRISTOPHERSEN

PER MARIFJÆREN

TERJE ULVEDAL

TOR HØVIK (foto)

Politiet understrekar at den 35 år gamle somaliaren korkje har status som mistenkt eller er sikta i saka. Dei omtalar han derimot som eit svært interessant vitne som dei snarast vil ha kontakt med.

Likevel gjekk det fleire dagar før internasjonalt politi vart varsla.

— Vi kan ikkje etterlyse ein person i Schengen-systemet før han er sikta. Derimot kan vi underrette dei om at vedkomande er ønskt av norsk politi, seier politiadvokat Knut Broberg i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ifølgje Broberg vart dette «ønsket» sendt ut i løpet av helga.

— Eg kan ikkje her og no seie nøyaktig når det skjedde, seier Broberg. Dermed kan det ha gått tre dagar frå Hedda vart funnen drepen til politi og grenseovergangar i utlandet fekk melding om den sakna mannen. 35-åringen kan ha kome langt utan å leggje att spor.

Jaktar på eitt vitne

Uansett om han berre er eit vitne, kan verdifulle opplysningar og spor ha forsvunne eller blitt fjerna.

Politiet vil ikkje kommentere kvifor informasjonen ikkje vart sendt ut tidlegare, heller ikkje kva betydning det kan ha for saka.

Politiadvokat Broberg stadfestar derimot at 35-åringen er det einaste namngitte vitnet politiet no jaktar på.

Det er naturleg av fleire grunnar:

— Mannen er den siste som er sett saman med Hedda natta då ho vart drepen.

— Han skal ha krangla med Hedda på utestaden Meieriet før dei gjekk saman i retning folkehøgskulen.

— Same kveld som Hedda vart funnen drepen, sette mannen seg på nattbussen til Oslo. Tidlegare på dagen hadde han bede seg fri frå jobben i tre veker. Kona hans sat att i Sogndal.

— Mannen tok ut eit større pengebeløp før han reiste frå Sogndal.

— Trass gjentekne oppmodingar har mannen ikkje meldt seg for politiet.

— Vi oppmodar han framleis innstendig om å melde seg, seier Broberg.

Dør-til-dør

Det er no sendt ut varsel internt i norsk politi om at det skal leitast etter mannen. Om naudsynt skal han pågripast. Leitinga er hovudsakleg konsentrert om Austlandet, ettersom han sist vart sett på bussterminalen i Oslo.

Politiet stadfesta i går at dei har kjennskap til kvar mannen sa han hadde tenkt å reise då han drog frå Sogndal.

— Vi ønskjer ikkje å gå inn på kva vi veit om dette, seier utrykkingsleiar i Kripos, Asbjørn Hansen.

Drapsetterforskinga held fram med uforminska styrke. Politiet byrja i går å gå frå dør til dør i området frå der Hedda sist vart sett og bort til folkehøgskulen ý ei strekke på rundt 300 meter. Dette arbeidet held fram i dag. Håpet er at grannane kan ha sett eller høyrt noko av interesse for politiet.

ý Vi har fått rundt 150 tips, men vil framleis ha ha tips frå folk som har sett Hedda, eller gjort andre observasjonar heilt fram til 0330 natt til torsdag, seier politiadvokat Broberg.

MINTEST: Kristin Olsen og dei andre medelevane til Hedda Karterudseter tente i går lys og las dikt for den døde venninna si. Til venstre rektor Frode Hjort Larsen, til høgre Ine Holt.