– Det venta kraftunderskotet i regionen ser no ut til å verta snudd til eit rekordoverskot fram mot 2012, seier forskar Tom Eldegard i Samfunns— og næringslivsforsking AS (SNF) i Bergen.

Overproduksjon

I ei undersøking, tinga av Hordaland Fylkeskommune, varslar SNF eit kraftoverskot på heile 5895 GWh i Sunnhordland i 2012. Dystre prognosar frå 2005 synte eit underskot på 405 GWh i same område. Sistnemnde er noko av årsaka bak dei fem løyva NVE delte ut i går.

– Tala våre er baserte på Hydro si nedbygging av Søderberg-anlegget, samstundes med oppstarten for gasskraftverket på Kårstø i Nord-Rogaland. Om dette går etter planen, vil det verta produsert meir kraft enn regionen klarar å transportera ut, hevdar Eldegard.

Han går så langt som å hevda at vindmølleparkane i dette biletet isolert sett vert overflødige.

Sint ordførar

Konsesjonane på Stolmen, Kvalvåg og Store Kalsøy på Austevoll var ikkje akkurat overraskande, etter å ha fått brei støtte av lokalpolitikarane. Vedtaket på Selbjørn slo derimot ned som ei bombe. Dette prosjektet har vore omstridt og møtte samla motstand i kommunestyret, grunna storleik og plassering. Austevoll-ordførar Helge Andre Njåstad reagerer.

– I Noreg er det i all for stor grad ein tendens til at staten skal bestemma. Det synest eg som lokalpolitikar ikkje noko om.

Ankar vedtaka

I går måtte Njåstad innsjå at slaget mot vindkraftverk på Selbjørn var tapt.

– Trist, ettersom innbyggjarane har vore svært tydelege og gjeve melding om at dei ikkje ønskjer vindmøller på så nært hald.

Ifølgje Njåstad er dagens konsesjonstildeling første gong NVE går på tvers av lokale vedtak i slike saker.

– Eg tykkjer det er merkeleg at det lokale sjølvstyret ikkje betyr meir for styresmaktene, seier ordføraren som tek det for gitt at vedtaket vert klaga inn til Olje- og energidepartementet.

I går formiddag sendte Miljøvernforbundet ut ein pressemelding om at dei ankar alle vindkraftkonsesjonar som er gjeve i Hordaland.

Bakgrunnen er i all hovudsak at kraftverka kjem i konflikt med truga vegetasjonstypar.

«De planlagde inngrepene gir en sterk reduksjon i arealet av inngrepsfire naturområde i Austevoll kommune», skriv Miljøvernforbundet.

Natur og Ungdom stiller seg meir positive.

– Klimaendringane gjer at me må satsa på andre energikjelder, og då er vindkraft eit godt alternativ, seier leiar Pernille Hansen i Hordaland Natur og Ungdom.

– Må godta ulemper

NVE gir følgjande årsak for konsesjonstildelinga på Selbjørn:

«Ulempene ved desse vindkraftverka er først og fremst visuelle. I tillegg vil dei få verknader for friluftsliv, kulturminne og bustader og andre bygg. Vindkraftverka gir miljøvennleg kraftproduksjon og kan gi eit viktig bidrag til elektrisitetsproduksjonen i Noreg. »

VINDMØLLEMEKKA: Vindmøllene kjem til å stå tett i øykommunen Austevoll etter NVE sine konsesjonstildelingar måndag. Også i Fitjar, der vindmølleparken på illustrasjonen er plassert, vil dei nye landemerka få sin plass.