Då kommunen fekk førelegget frå politimeisteren i Hordaland fredag føremiddag, gjekk det ikkje lang tid før det vart ekspedert vidare til kommuneadvokaten.

Det fortel byråd for byutvikling, Lisbeth Iversen.

— Det er viktig at vi først får kommuneadvokaten si vurdering, før vi gjer ei politisk vurdering, seier ho.

Finn kommuneadvokaten ut at kommunen må akseptere førelegget, vil det ikkje berre få konsekvensar for Bergen: Svært få av landets kommunar har nemleg ei slik dobbel reinsing (barriere) som politiet no vil bøtleggje Bergen for.

Til liks med andre kommunar meiner Bergen kommune at storleiken på vatnet i seg sjølv utgjer ei barriere. Får politiet gjennomslag for at det ikkje er tilfelle, vil det bety at mange kommunar må investere i nye reinseanlegg.

Det gjer at Iversen er forsiktig med å uttale seg før kommuneadvokaten har sett på saka.

— Ja, dette er ei sak som vil få noko prinsipielt å seie for heile kommune-Noreg, seier ho.