Askøy kommune må investere til saman 400 millionar kroner for å innfri kravet til såkalla sekundærreinsing, som vil fjerne kring 90 prosent av partiklane frå kloakken.

Kravet om sekundærreinsing gjeld alle tettstader med over 10.000 innbyggjarar, og gjeld frå 1. januar 2009.

Kan Askøy i staden nøye seg med såkalla primærreinsing — som tek vekk kring 50 prosent av partiklane - vil investeringane krympe til 50 millionar kroner.

Søkjer fritak

Tysdag vil formannskapet i Askøy høgst sannsynleg gå inn for å søkje fritak for det omfattande reinsekravet.

Alternativet er å droppe planane om å utbetre kloakkleidningar og knytte fleire husstandar til det kommunale kloakknettet. Det vil koste 270 millionar kroner over sju år opplyser fagsjef for teknisk drift og utbygging i Askøy, Ove Vonheim.

— Det er utenkjeleg å gjere begge deler. Det er ei grense for kva folk kan akseptere å betale, seier Vonheim.

Kravet om såkalla sekundær reinsing følgjer av EU sitt avløpsdirektiv som er ein del av norsk lov gjennom EØS-avtalen.

Alle tettstader med meir enn 10.000 innbyggjarar må ha sekundærreinseanlegg frå 1. januar neste år.

I Hordaland er Kvam kommune, Os, Fjell, Stord, Voss og Bergen omfatta av direktivet.

Voss tilfredsstiller alt reinsekravet. Bergen skal byggje sekundærreinseanlegg (sjå eigen artikkel), men dei andre kommunane vurderer å søkje fritak slik som Askøy vil gjere.

Bortkasta pengar

Ei utbygging av kloakkreinseanlegga på Askøy blir finansiert gjennom kloakkavgifta. Må kommunen byggje kostbare sekundærreinseanlegg reknar Vonheim med at kloakkavgifta per husstand vil stige med over 9000 kroner året. I dag er avgifta kring 3300 kroner.

Bortkasta pengar og ingen miljøgevinst, meiner Vonheim.

Han byggjer si vurdering på analyser og vurderinga av miljøtilstandar i fjorden utført for kommunen av Norsk institutt for vannforskning (NIVA), Akvaplan-niva og Norconsult.

— Sekundærreinsing vil ikkje ha nokon synleg effekt, og vi må stille det opp mot dei positive verknadene vi har av å reinse opp i miljøproblema frå kloakkutslepp vi har på land på Askøy, seier han