ARNE HOFSETH

— Eit anerkjennande klapp på skuldra, kommenterer rektor Olav Arnar Bø overfor Bergens Tidende.

— Fylkeskommunen har sett verdien i dei mange kursa vi har halde for godt vaksne bønder og andre næringsdrivande som vil prøva seg med småskalaproduksjon, seier Bø.

Etter hans vurdering er skulen så smått i gang som kompetansesenter, men dette kan utviklast uendeleg mykje meir dersom finansieringa blir tryggare og ein slepp budsjettspetakkelet kvar haust.

Rektor Bø understrekar at undervisingstilbodet ikkje må bli borte i ei framtidig ordning, men framleis vera berebjelken.

Sogn og Fjordane Fylkeskommune smir medan jarnet er varmt. I haust gjorde departementet for n'te gong framlegg om å kutta løyvinga til skulen. Stortinget har like ofte vore redningsplanken i budsjettinnspurten. Denne gongen fekk Regjeringa pålegg frå Stortinget om å rydda opp i rotet med dei landsdekkjande undervisningstilboda i vidaregåande skule. Fristen vart sett til våren, når revidert nasjonalbudsjett skal leggast fram.

— Fylkeskommunen hjelper departementet på glid. Vårt framlegg er å utvikla skulen til eit nasjonalt kompetansesenter for økologisk verdiskaping, der også turisme er eit viktig element, seier fylkesordførar Nils R. Sandal til Bergens Tidende.

Han har stor tru på at senteret kan utviklast i tråd med målsetjingar som er formulert på sentralt hald. Sandal legg vekt på at så vel skulen som kommunen og fylket går inn for løysinga. Naboskap til Flåmsbana og Nærøyfjorden gjev Aurland ei framifrå plassering for samspel med turistnæringa, miljøvern, landskapsvern, jakt fiske og friluftsliv.

— Vi treng ei fastare ordning. Alt styret med framlegg om nedlegging kvart år, er meir spennande enn godt er, vedgår han.