BKK melder fredag ettermiddag at kundar som har vore utan straum i meir enn tolv timar kan krevje kompensasjon, og oppmodar dei det gjeld om å ta kontakt via brev eller Internett.

— Me er leie for at nokre av kundane våre framleis er utan straum. I dei områda det er snakk om har me hatt fleire feil samtidig, og det tar tid å finne årsaka og transportera nytt utstyr til staden. Me står sjølvsagt på for fullt til alle feil er utbetra, seier Ingunn Halvorsen i BKK.

Masfjorden, Lindås og Sund

Fredag ettermiddag er det framleis husstandar som er utan straum etter uvêret i går kveld og natt. På Kvingo i Masfjorden er fem transformatorar framleis ute av drift etter lynnedslag, noko som gjer at 60 BKK-kundar er utan straum. BKK melder at feilen no er funnen, og at mannskap er i gang med feilretting.

På Åsgard i Lindås er om lag 20 kundar utan straum, og ein transformator blir skifta. Også på Sveneset i Masfjorden er mannskap i ferd med å skifte ein øydelagd transformator. I Sund er radarstasjonen på Førdesveten utan straum og vil få ny transformator.

Hodne, Sætrevik, Sævråsvag og Skjellanger i Nordhordland, Mobergshaug i Os og Dale i Øygarden har alle fått straumen tilbake etter at øydelagde transformatorar og sikringar er skifta.

BKK har hatt folk ute i heile natt i dei aktuelle områda, og nye mannskap er på veg ut. Dei fleste straumbrota kom mellom klokka 23 og 23:30 i går kveld.

På det meste var 40 transformatorar straumlause, og dei fleste BKK-kundane fekk straumen igjen i 1:30-tida.

— Me oppmodar kundar som har vakna til mørkt hus om å sjekka om det er jordfeilbrytaren som har slått seg ut, seier kommunikasjonsdirektør Ingunn Halvorsen i BKK.

Meir torevêr i dag

Det er fare for meir torevêr i løpet av dagen.

— Det er moglegheiter for torevêr heilt fram til i morgon tidleg, og særleg i kveld. Årsaka til torevêret er kald luft frå Canada som kjem innover den varme Nordsjøen. Dette skjer kvart år på Vestlandet, seier meteorolog Dag Kvamme ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

PS! Fredag klokken 18.41 meldar BKK at alle kunder har fått straumen att.