Olav Garvik

Ap vil snu, meiner Ranveig Frøiland. KrFs parlamentariske leiar Jon Lilletun seier at han er heilt «fordomsfri».

— Eg kan lova ei seriøs og skikkeleg behandling av saka. Derfor kan eg og forsikra at eg ønskjer ein fordomsfri gjennomgang av heile bruprosjektet, seier Jon Lilletun til Bergens Tidende.

Åtte år etter at Stortinget sa nei til å byggja bru over Hardangerfjorden har det til no sett mørkt ut for brutilhengarane. Ingen av partia på Stortinget har kome med signal om at dei ville snu. Dessutan er ikkje prosjektet kome med i Nasjonal Transportplan som skal handsamast før sommaren.

- Nesten null frå staten

Men på brumøtet i Eidfjord måndag vart Ranveig Frøiland, som sit i gruppestyret i Arbeidarpartiet, tolka slik at partiet etter alle solemerke no vil stilla seg positivt til brua.

I samtale med Bergens Tidende utdjupar ho dette:

— Det er ein heilt annan situasjon no enn i 1996, då partiet gjekk imot å byggja bru. Problemet var at fylkestinget i Hordaland den gongen jamstelte brua med Trekantsambandet og bad Stortinget prioritera. Det er mykje lettare for oss når fylkestinget no har Hardangerbrua som topprioritet.

Dessutan vil det telja sterkt med at det statlege bidraget vert utruleg lite. Med bompengar i femten år, kommunale bidrag og konsesjonskraftmidlar som aukar meir enn tidlegare kalkulert, er det nesten ingenting staten må punga ut med, seier ho.

Viktig møte 30. april

— Men kan du dermed vera trygg på at Arbeidarpartiet snur?

— Det er ei anna haldning i stortingsgruppa enn det var i 1996. Det er økonomien som avgjer, og den klare forankringa prosjektet har i distriktet tel like sterkt, legg Frøiland til.

Ho opplyser at samferdselsfraksjonen i Stortinget skal ha møte med representantar for Arbeidarpartiet i dei tre vestlandsfylka 30. april på Flesland for å drøfta det vidare arbeidet med m.a. Hardangerbrua.

Politisk rådgjevar i Samferdselsdepartementet, Alfred Bjørlo (V), seier i ein kommentar til BT at det finst få døme på større bruprosjekt som er bygt utan monaleg statleg bidrag.

Han stiller seg elles spørjande til påstanden om at Hardangerbrua har førsteprioritet i fylkeskommunen. Vestlandsrådet har konsentrert seg om kyststamvegen og har i høyringsnotatet til Nasjonal Transportplan ikkje nemnt brua med eitt ord.

Av regjeringspartia er det berre Høgre som brenn for å byggja Hardangerbrua. Både Venstre og KrF røysta imot i 1996.