«Det bes om en snarlig tilbakemelding på at Norled vil levere de fartøy som er beskrevet, alt annet enn dette vil ikke kunne sees på annen måte enn at Norled bevisst styrer mot kontraktsbrudd», skriv Statens vegvesen region Vest til Norled, mindre enn eit halvt år før det Stavanger-baserte selskapet overtek etter Fjord1 på E39-sambandet Lavik-Oppedal i Sogn.

Bakgrunnen er at Norled har meldt ei endring i kontrakten når det gjeld kva suppleringsferjer av tradisjonell standard som skal setjast inn saman med den flunkande nye og banebrytande el-ferja på Lavik-Oppedal frå 1.januar. I staden for MF «Tidesund» frå 2008 får sognesambandet ei oppgradert MF «Ullensvang» frå 1986. I tillegg er det kontraktfesta at også katamaranferja «Stavanger» frå 2003 skal ta unna trafikk over Sognefjorden.

Jubelrop på Sunnmøre

Norleds omdirigering av MF «Ullensvang» er møtt med jubelrop på Sunnmøre. For den aldrande ferja var eigentleg tenkt sett inn i det travle sambandet Hareid-Sulesund frå årsskiftet, til fortrenging for ei av to ganske nye ferjer i ruta.

«Ullensvang» hadde ein lite vellukka gjesteopptreden i sambandet i vår, og bilar hopa seg opp på begge sider av fjorden. Får Norled medhald, kan søsterfartøya MF «Tidefjord» og «Tidesund» halda fram som på dagens ruter over Sulafjorden.

Reaksjon som overraska

Regionssjef for ferjer i Norled, Inge André Utåker er overraska over den krasse reaksjonen frå Statens vegvesen region vest.

— Hareid-Sulesund er eit meir trafikkert samband enn Lavik-Oppedal. Vi har sett at det ikkje er optimalt å setja inn «Ullensvang» i Møre-sambandet, ettersom det tek lengre tid å fylla og tøma den ferja enn «Tidesund». Men også «Ullensvang» tilfredsstiller kontrakten sitt minimumskrav, seier Utåker.

— Vi har avvist bruk av «Ullensvang» på Lavik-Oppedal fordi Norled skal levera det dei har sett opp i tilbodet sitt, og som dei er forplikta til i høve kontrakten dei har inngått med Statens vegvesen. Vi ser endringa som eit vesentleg avvik i forhold til dei tekniske spesifikasjonane som var ein del av tilbodet som kontrakten er basert på, og som dei vann konkurransen med, seier Anders Sæternes i byggherredivisjonen hos Statens vegvesen region Vest.

Til Stortinget

Kampen om - rettare sagt imot - den gamle ferja som gjekk i 20 år i rute Halhjem-Sandvikvåg for HSD, har stortingsrepresentant Oskar J. Grimstad (Frp) løfta opp på politisk nivå i Oslo. I Stortinget spurte han nyleg samferdsleminister og partikollega Ketil Solvik-Olsen om statsråden ville sørgja for at den beste løysinga kom på plass for disponering av ferjemateriell i dei to ferjesambanda i Sogn og på Sunnmøre, underforstått at MF «Ullensvang» blir dirigert til Lavik-Oppedal.

Oskar J. Grimstad, som bur få hundre meter frå ferjekaien i Hareid, fekk sist veke eit svar som han og sunnmøringane tolka som støtte til seg og Norled. Solvik-Olsen svara blant anna slik:

«Statens vegvesen har i flere tilfeller tidligere godkjent bytte av fartøy som har vært i overensstemmelse med tilbudt materiell og kontrakten. Statens Vegvesen har samtidig måtte sikre at det nye fartøyet oppfyller kravene i kontrakten og beskrivelsen i tilbudet som har ligget til grunn for at rederiet har vunnet kontrakten.»

El-ferja i rute

Neste måndag møtest Statens vegvesen og Norled i Fyllingsdalen til oppstartmøte for Lavik-Oppdeal. Der skal blant anna kontrakten drøftast. I tillegg blir det statusrapportering og orientering om dei nye rutetidene over Sognefjorden.

— Det ordnar seg nok med «Ullensvang». Elles er arbeidet med el-ferja i rute på Fjellstrand-verftet. Det blir testing på fjorden neste månad, og skipsdåp i slutten av månaden, seier Inge André Utåker i Norled.