Jarle Trå handhelsar. Handtrykket vitnar om at Mount Everest har sett varige spor. Åtte fingrar måtte amputerast over første fingerledd.

Sju månader etter dramaet tek han imot oss i leilegheita si i sentrum av Voss. Han trør forsiktig over golvet. Alle tærne er borte.

Halvtanna år etter han flytta inn, er stova framleis prega av sparsam møblering og bare vegger. Alt er sett på vent.

Ved sidan av firmaet er det bokprosjektet som tek all tid. Men med to tommeltottar går det saktare enn før.

— Angrar du?

— Eg kan ikkje vere sint på meg sjølv.

- «Wow, så flott»

Trå tek oss med tilbake til den maidagen i Himalaya. 39-åringen er på veg mot eit av sine livs mål. På 7700 meters høgde kjenner han ikkje kvalme eller hovudpine, som er typiske teikn på mild høgdesjuke. I staden går han rett i ein tilstand med alvorleg høgdesjuke.

— Plutseleg var eg ute av stand til å vurdere min eigen situasjon. At eg ikkje snudde, var ei katastrofal avgjerd, og eit bevis på kor redusert eg var. Hadde eg skjønt kva som var i ferd med å skje med meg, hadde eg sjølvsagt snudd der.

Men Trå klatrar vidare mot toppen. 1000 meter lenger oppe ligg han på bakken og ser på stjernehimmelen. «Wow, så flott», tenkjer han. Han veit ikkje kva som er i ferd med å skje.

Sjølv ikkje då kroppstemperaturen er nede i 30 grader kjenner han frykt. Difor har han heller ingen traumatiske minne frå tida åleine i dødssona på verdas høgaste fjell. Han veit ikkje ein gong om han nådde toppen. Truleg snudde han 50 meter før målet. At han overlevde, overraskar han framleis.

**Les også:

– Et mirakel**

— Det er heilt utruleg at eg hadde nok kapasitet til å gå nedover etter to døger ute. I tillegg gjekk eg utan sikring. Eit lite feilsteg der, så er ein ferdig.

— Veldig lei meg

Han hadde aldri tenkt at utfallet kunne bli slik.

— Alle som klatrar Everest har eit bevisst forhold til at ein kan døy om ein ikkje gjer ting riktig. Men at ein skal kome ned att med store skadar, må eg innrømme at eg ikkje såg som noko sannsynleg alternativ. Det er enten-eller der oppe.

— Var det verdt det?

— Eg har alltid sagt at Everest ikkje er verdt ein finger, og det står eg for.

Likevel angrar ikkje Trå på ekspedisjonen. Han meiner han var godt nok førebudd, og at risikoen ved å gå aleine utan oksygen er blitt overdriven i media. Han føler ikkje at han har noko å forsvare, og understrekar at redningsaksjonen er betalt av han sjølv, ikkje staten.

Likevel har Trå dårleg samvit for det han utsette familie og vener for. Det er tydeleg at dette er det vanskelegaste temaet å snakke om.

— Skadane eg har fått er ein konsekvens av mine eigne handlingar, men det dei blei utsett for, har dei ikkje bede om. Det er eg veldig lei meg for.

Då han var sakna på fjellet, tenkte han aldri på å ringe heim, sjølv om han hadde mobildekning.

— Det viser at eg ikkje var meg sjølv.

**Les også:

– Beklager det helvete jeg har laget for dere**

Førstesidesjokket

For 39-åringen frå Granvin var det eit sjokk å bli førstesidestoff i avisene.

— Eg trudde nesten ikkje det eg høyrde, seier Trå, som tidlegare heldt låg profil som fjellklatrar.

Etter ein kritisk artikkel i Magasinet, har Trå klaga Dagbladet inn for Pressens Faglige Utval for det han meiner er ei rekkje faktafeil og grove brot på presseetikk. I artikkelen vert det sett fram påstandar om at ekspedisjonen var uansvarleg. For trå var denne omtalen verre enn amputasjonane.

— Eg bagatelliserer ikkje skadane mine, men det seier litt om kor ille den artikkelen var for meg. Dagbladet har sett meg i eit dårleg og uriktig lys, som ein som er dumdristig og lite gjennomtenkt.

— Mange vil seie at det du gjer er egoistisk?

— Alle som klatrar høge fjell er egoistiske, og det er eit etisk dilemma at ein utset andre for fare viss det går galt med ein sjølv. Men sikkerheit har alltid vore viktig for meg.

Tradisjonelt familieliv har aldri vore aktuelt for Jarle Trå.

— Det er eit bevisst val frå mi side, eg har alltid visst at eg ikkje ville ha born, det passer ikkje for meg.

Takkar kjærasten

Tilbake i Norge blei det gradvis klart at frostskadane var langt meir alvorlege enn dei nepalske legane først gav uttrykk for.

— Det var ein tung prosess å skjønne.

Galgenhumor hjelpte han gjennom det. Då han fekk blomar på sjukehuset spøkte han med at han ikkje hadde «grøne fingrar». I realiteten var fingrane kolsvarte.

— Klart det har vore tøft, men eg har hatt fordel av ein sterk psyke og gode kompisar rundt meg, seier Trå, som takka nei til profesjonell hjelp.

Han takkar kjærasten i Bergen og gode kameratar for at hausten «trass alt» har vore bra. Også frå lokalsamfunnet har han fått god støtte.

Drøymer om nye fjell

Berre tre dagar etter at tærne var fjerna, var Trå på beina igjen. Eit sår på hælen hindrar han førebels i å ta på sko, men elles har han ingen problem med å gå. Han gler seg over at skadane får mindre konsekvensar enn han lenge frykta.

— Det som står att no er å knyte skolissene, og det skal eg klare. Eg trur og håpar at eg vil kunne leve eit rimeleg normalt liv, også når det gjeld friluftsaktivitetar.

Sjølv om det ikkje er aktuelt å klatre Everest igjen, legg han ikkje skjul på at «mindre fjell» i Alaska og Alpane freistar. No med ny innsikt i bakhovudet.

— Det er mindre margin mellom suksess og fiasko enn eg trudde.