Den 38 år gamle rullestolbrukaren i Sogndal er den første her i landet som har fått rekonstruert eit aktivt handgrep.

BT skreiv i går om Aaberg som vart lam etter ein helikopterstyrt i 1998. Men etter operasjonen i høgre arm kan han igjen ta opp ei avis og løfte eit glas. Eller ta minstejenta Marita på fanget og bygge Lego.

— Det klarte eg ikkje før. Operasjonen har betydd enormt mykje. Eg har til og med tatt opp igjen min gamle hobby - akvarium, seier Aaberg til BT.

- Nytt liv etter operasjonen

Haukeland Universitetssjukehus er det einaste i landet som utfører slike operasjonar. Så langt har tretti pasientar frå heile landet fått nytt handgrep i Bergen.

— Mange får eit nytt liv etter operasjon. Dei får fylt basale behov som er heilt sjølvsagde for oss andre - som å ete sjølv eller halde kaffikoppen, seier professor Leiv M. Hove ved Ortopedisk avdeling til BT.

Fleirtalet av pasientane er unge menn med ryggmargskader ved femte og sjette halsvirvel - som Roy Helge Aaberg. Som regel har dei intakt muskulatur i nakke og skuldrer, men ikkje i hendene.

Hos desse pasientane fungerer vanlegvis berre tre til fem musklar av kring førti, og det er viktig å utnytte desse musklane maksimalt, slik at armar og hender kan få tilbake noko av den opphavlege funksjon.

— Ved å flytte på musklar og sener, og transplantere sener frå beina, kan pasientane få strekkevne i olbogen og handleddet, og eit aktivt eller passivt grep i handa. Nokre vil også kunne kateterisere seg sjølve, og dermed bli meir uavhengige, seier Hove.

Ikkje tid til den venstre

Operasjonen kan utførast sjølv om skaden er fleire år gamal. Rehabiliteringstida er fleire månader, og krev omfattande fysioterapi og eigentrening.

Det er ein av forklaringane på at Roy Helge Aaberg berre har operert høgre arm. Tobarnsfaren og gründeren har det rett og slett så travelt at han ikkje har hatt tid til å operere den venstre.

— Eg vart så hjelpen berre av å få grepet tilbake i høgre hand. Men kor ufatteleg viktig dette er, vart eg ikkje klar over før etter operasjonen.