20. november i fjor rasa delar av vegen mellom Bygstad og Laukeland ut i Dalsfjorden i Sunnfjord. Sidan har ei båtrute knytt dei veglause innbyggjarane til omverda. Og slik kan det bli lenge enno.

For ifølgje ei pressemelding frå Statens vegvesen er geologien i rasområdet endå vanskelegare enn dei trudde. Ei mellombels løysing med bru blir meir arbeidskrevjande og tidkrevjande enn det såg ut først, og desse planane er difor lagt vekk.

I staden vil Vegvesenet no undersøkje om det er råd å sprengje ei hylle i fjellet over rasstaden som dei kan byg-gje veg på. Men på eit folkemøte med innbyggjarane denne veka kom det fram at det slett ikkje er sikkert at denne løysinga kan gjennomførast.

— Vi trur vi om to–tre veker kan ha eit svar på om dette alternativet går å gjennomføre, seier geolog Svein Helge Frækaland.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane har avgjort at den permanente løysinga forbi rasstaden skal vere ny veg og ein tunnel på 400-500 meter. Men dette arbeidet kan neppe vere ferdig før mot slutten av året.