Togavsporinga på Bergensbanen fører til at Jernbaneverket endrar rutinane, skriv NRK Hordaland.

– Vi vil ha ein mykje lågare terskel for å stenga no enn tidlegare, seier regiondirektør i Jernbaneverket Vest, Lars Christian Stendal til NRK.

Ikkje snøskredfare

Det var ikkje meld om snøskredfare i området der toget spora av onsdag etter å ha hamna i eit skred.

Difor vil Jernbaneverket no vurdere eit strengare varslingssystem på Bergensbanen mellom Bergen og Finse, og vurdere stenging også ved moderat fare for snøras.

Klimaendringar

Jernbaneverket vil også undersøkje alle fjellskrentar, tunnelar og overbygg på nytt, fordi klimaendringane har gjort ras meir vanleg.

– Vi har eit arbeid på gang for å avklara konsekvensane av endra klima, seier Stendal, som påpeikar at banen likevel vil ha høgare opningstid enn vegnettet.

STENGES OFTERE: Avsporingen på Bergensbanen gjør at Jernbaneverket vil stenge banen oftere.
Bergens Tidende