Nokre vitne er fråfalle. Kona og ei av døtrene til tiltalte har nytta retten sin til ikkje å vitna. Aktor, statsadvokat Randi Gabrielsen, har dessutan kunngjort at ho ikkje vil kreva politiforklaringane deira opplesne i retten. Ho meiner dermed at retten vil kunne fella ein rettvis dom utan å høyra desse to familiemedlemene sine forklaringar.

Ein sakkunnig står att Straffesaka gjekk første veka ganske greitt etter programmet. Med litt færre vitne, vil ein løyva tid av dei avsette to vekene.

Berre den siste av dei ni sakkunnige står att når rettsaka held fram i dag. Deretter er det klart for prosedyrer, og det er venta at saka vert teken opp til doms seinast tysdag.

Siste sakkunnige er dr. Jofrid Alice Nygård ved Haukeland sykehus, Bergen. Ho har vurdert kva skader dei traumatiske opplevingane har gitt offeret sin son, som i 1999 var ti år gamal. Det er venta at bistandsadvokat Turid Mæland på vegne av Aalvik sine etterlatne vil krevja erstatning av tiltalte for tap av mor og sambuar.

Interessant erstatningsspørsmål Dersom retten skulle koma til at tvilen som dei sakkunnige har gitt rom for, er så sterk at dei finn det rimeleg å frifinna tiltalte, kan erstatningsspørsmålet verta svært interessant. Det finst fleire døme på at ein som frifunnen i ei straffesak, vert dømt til å betala erstatning. Grunnen er at krava til sikre bevis ikkje er like strenge i erstatningsspørsmålet. I straffespørsmålet må brotsverket provast så grundig at det ikkje finst rimeleg tvil att. Erstatningsplikt kan derimot bli idømt dersom retten finn at det er større sjanse for at tiltalte har gjort det enn at han ikkje har gjort det.

Det særeigne i denne saka, er at ingen synest vera det minste i tvil om at vedkomande har utført drapet. Tvilen gjeld graden av medvitsløyse, og i kva grad den skriv seg frå sjølvskulda rus, som ikkje fritek for straff. Dermed kan også spørsmålet om erstatning koma i ei litt anna stilling.

150.000 kroner i setlar Tiltalte oppgav ved innleiinga av saka at han ikkje har formue. Dette er i prinsippet rett. Men ganske tidleg i varetektstida gav Voss forhøyrsrett påtalemakta rett til å ta arrest i ein del pengar og tre bustadtomter som tiltalte eigde. Desse verdiane vil kunne betalast ut som vederlag dersom retten finn tiltalte erstatningspliktig. Tidleg i straffesaka kom det fram at tiltalte tømte bankkontoen sin for 150.000 kroner tre-fire timar før drapet. I varetekt vart han redd for at rotter skulle øydelegga setlane, og han bad politiet henta dei. Politiet fann pengane nøyaktig der han fortalde at han hadde gøymt dei — bak midterste leca-steinen under dokkehuset heime i hagen.