Eit klart fleirtal i fylkestinget signaliserte i føremiddag stor vilje til å ta over aksjane Møre og Romsdal no vurderer å selje. Politikarane vil gå langt for å unngå at ein konkurrent tek over aksjeposten på 41 prosent.

— Vi er ikkje interesserte i å få inn ein konkurrent som strategisk eigar i selskapet. Det vil vi strekkje oss langt for å unngå, sa Harry Mowatt (Ap).

Tide er mellom dei selskapa som offentleg har sagt at dei vurderer å kjøpe aksjeposten.

Dei to fylka lengst nord på Vestlandet har eigd Fjord1 i lag etter at Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Fylkesbåtar slo seg saman. No har møringane lagt til rette for sal, men det er ikkje klart kor tid salet vil skje. Sogn og Fjordane, som har aksjemajoriteten, har forkjøpsrett.

Fylkesrådmannen skal no greie ut både kva som vil skje dersom det kjem inn ein ny eigar, og om fylkeskommunen nyttar forkjøpsretten.

Berre Frp og tre av Høgre sine representantar i fylkestinget gjekk inn for at også Sogn og Fjordane skal vurdere sal.