Helse Førde har hittil ikkje hatt pengar til å drive den nye institusjonen, men no er det lagt ein plan som kan gjere det mogleg å få i gang drift frå sommaren.

— Vi arbeider no for å få til full drift etter sommarferien, opplyste styreleiar Tore Thorsnes i Helse Førde til NRK Sogn og Fjordane i går ettermiddag.

Helse Vest skal ha framlegget føre på eit styremøte i februar. Dersom det blir gitt grønt lys vil arbeidet med å rekruttere fagfolk ta til. Ei rekkje av stillingane på den nye psykiatriske avdelinga blei lyst ut i fjor, men tilsetjingsprosessen blei stoppa fordi helseføretaket mangla pengar til drift.