– Då to kolonnar køyrde seg fast på Hardangervidda i påsken i fjor, hadde me flaks. Halne Fjellstova var like i nærleiken og hadde både mat og madrasser til dei vêrfaste påsketuristane, seier trafikksjef Guro Ranes i Statens vegvesen region vest.

Ho seier vidare at det kunne ha gått mykje verre om dette hadde skjedd ein annan stad.

– Denne hendinga synleggjorde farane ved å ha to kolonnar. Av tryggleiksomsyn har vegdirektoratet derfor bestemt at det berre skal gå kolonne i éi retning om gongen frå nyttår av, seier Ranes.

Avgrensa tal personar

Dei nye retningslinjene vil i prinsippet føra til dobbelt så lang ventetid for trafikantane. Det var Hallingdølen som først skreiv om saka torsdag.

– Eg skjønar at enkelte blir frustrerte over dette, men vårt hovudfokus må vera tryggleiken til trafikantane. Alternativet er å stenga fjellovergangane heilt, seier Ranes.

Sjå oppdaterte trafikkmeldingar her

I tillegg skal det strammast inn på kor mange personar som kan vera med i kvar kolonne. Tidlegare har det berre vore avgrensingar i talet på køyretøy. I snitt vil 25 køyretøy bli tillète per kolonne.

– Det vil bli avgrensingar utifrå kor mange personar dei lokale redningsmannskapa kan klara å redda ut. Me må vera sikre på at det totalt sett ikkje er for mange folk i utsette fjellområde samtidig, seier Ranes.

Ho kan ikkje oppgi eksakte tal, fordi dette vil variera frå fjellovergang til fjellovergang alt etter kapasiteten til det enkelte redningsmannskap. Vegstyresmaktene har ikkje kome i gang med dette arbeidet enno.

– Men det kan for eksempel bli slik at ein kan tillata éin buss, men ikkje to, seier Ranes.

Nytt for busselskapa

Verken Sogn Billag eller Nor-way Bussekspress kjenner til dei nye retningslinjene.

– Dette var nytt for oss. Det hadde jo vore kjekt å bli informert før dette blei innført. Trygge og gode kolonnar er viktig, men kollektivtransporten må få prioritet. Viss ikkje kan det skapa store problem for oss, ettersom bussane våre korresponderer med kvarandre, seier administrerande direktør Jarle Molde i Sogn Billag.

Sogn Billag har ruter som går over både Hemsedalsfjellet og Filefjell.

Nor-Way bussekspress har blant anna ruter som går over Dovrefjell, Strynefjellet, Hemsedalsfjellet og Haukelifjell.

– Me følgjer dei retningslinjene som vegstyresmaktene gir, men vil gjera det me kan for at kollektivtrafikken blir prioritert. For oss er det sjølvsagt uheldig om forseinkingane blir for store, seier driftssjef Jarle Bugge i Nor-Way Bussekspress, som understrekar at selskapet samarbeider godt med brøytemannskapa.

Kva meiner du om dei nye reglane? Sei di meining her.

BERRE ÉI KOLONNE: Frå nyttår kan det berre gå kolonne over fjellet i éi retning om gongen. I tillegg skal det strammast inn på kor mange personar som kan vera med i kvar kolonne. Her frå fjellovergangen mellom Aurland-Hol. ARKIVFOTO: BERGENS TIDENDE