For ni år sidan blei dottera Marthe meid ned av ein fyllekøyrar. 3. januar i år døydde ho, berre 25 år gammal.

— Eg er forundra over at vi ikkje dømmer og fordømmer bilkøyring i rusa tilstand hardare. I dag veit alle kor fatale følgjene kan bli om ein set seg rusa bak rattet. Likevel veit vi at det skjer, gong etter gong. Det er som vi i samfunnet vårt ikkje har evna til å lære og ta innover oss kor uvettig og farleg fyllekjøring er, seier Hestetræet

Saman med sambuaren, Marit Solstrand, tek han i mot BT i leilegheita som familien fekk bygd til Marthe. I den kunne ho halda fram med å bu heime på Fauskanger på Askøy etter den tragiske påkjørselen lengst nord på øya, ei juninatt i 2003.

Det er berre tolv dagar sidan Marthe døydde. På stovebordet brenn eit lys. Ved sida står eit bilete av den friske og glade jenta slik ho var før ho ulukka. Stova er framleis julepynta slik ho var då Marthe måtte køyrast til sjukehus berre få dagar før ho døydde.

VERDIG LIV: Marit Solstrand og Norvald Hestetræet gjorde det dei kunne for at Marthe skulle få det så bra ho kunne etter ulykka. Barndomsheimen på Fauskanger vart påbygd med spesialtilpassa leilegheit

For mild straff

Bilføraren vart, etter at saka han vart anka frå tingretten til lagmannsretten, dømd til fengsel i eit år og seks månader.

— Eg kjende ikkje gjerningsmannen og har aldri brydd meg å vita meir om kven han er. No går eg ut frå at han har sona straffa si. Men eg kan aldri forsona meg med at vi ikkje har strengare straffer for sjåførar som skadar eller drep fordi dei er påverka av rus. For meg er det heilt utruleg at strengaste straff for å køyra ned nokon i fylla, berre er to år, seier Hestetræet.

Dei siste vekene har tankane hans ofte gått til dei etterlatne etter 11 år gamle Olav Hovda frå Jæren, som i romjula vart køyrt ned og drepen då han var ute og trente på rulleski.

— Eg veit altfor godt korleis først sjokket, og seinare den botnlause meiningsløysa, kjennest, seier han.

Slått til jorda

Sjølv seier han det kjendest som å bli slått til jorda natta då han fekk beskjeden om at Marthe låg livstruande skadd på Haukeland universitetssjukehus.

Månadene og åra etter skildrar faren som ei veksling mellom håp og mismot, oppturar og nedturar.

I fleire veker sveva dottera mellom liv og død. Den eine krisa følgde den andre. Foreldre fekk også kjensla av at legane var usikre på korleis dei kunne handsama skadane til dottera.

Faren sette små mål for kva han skulle oppleva med Marthe for å kunne halda ut dei fyrste vekene då ho låg på intensivavdelinga på Haukeland.

— Eit mål var at ho skulle opna augo å sjå oss igjen. Eit anna mål var at ho skulle koma seg så mykje at eg kunne trilla senga hennar ut i sjukehushagen så ho kunne kjenna sommarlufta.

Marthe var sterk. Ho overlevde den eine krisa etter den andre.

Legane sa at dei ikkje visste kva Marthe oppfatta. Men vi meiner ho mange gonger gjennom fakter og lydar gav uttrykk for kjenslene våre

— Vi fekk oppleva at ho slo augo opp. Då vi trilla henne ut i sjukehushagen, tenkte vi at no var livet så bra det kunne bli, seier faren.

Likevel legg Hestetræet ikkje skjul på at det også vart mange tunge stunder for familien og dottera dei ni og eit halvt åra ho levde etter ulykka.

Badeglad

Det var ikkje berre tilstanden til Marthe som gjorde vondt. Kampane for å vinna fram i helsevesenet og i hjelpeapparatet tok også mykje krefter.

Vinteren etter ulukka, i januar 2004, kunne ho flytta heim. Familien fekk bygd ein eigen leilegheit knytt til huset slik at Marthe kunne bu heime sjølv om ho trong pleie døgnet rundt. Vegg i vegg med stova i ein vinterhage fekk Marthe sitt eige, spesialbygde varmebasseng.

— Marthe var glad i sport og friluftsliv. Vi kunne så godt sjå det på kroppsspråket hennar, seier Marit Solstrand. Ho vart som ei mor for henne etter at Marthe mista mora si, Unni Madsen, i 2007.

«Eige språk»

Marthe var heilt utan språk etter påkjørsla. Likevel meiner foreldra at det var kommunikasjon mellom Marthe og dei som kjende henne godt.

— Legane sa at dei ikkje visste kva Marthe oppfatta. Men vi meiner ho mange gonger gjennom fakter og lydar gav uttrykk for kjenslene våre, seier faren. Spesielt nemner han ein biltur familien hadde til Voss.

— Da vi kjørte forbi ei elv der ho hadde vore på rafting som 15-åring, var ingen av oss i tvil. Ho kjende seg igjen, seier faren. Han måtte mange gonger tola at helsepersonell snakka om Marthe i tredje person også når ho var til stades.

At andre snakka over henne og ikkje til henne, opplevde han som svært krenkjande for dottera.

RETT STREKNING: Påkjørselen skjedde på ein oversiktleg strekning

Vanskeleg for sysken

Marthe var den mellomste i ein syskenflokk på tre. Eldstebroren Arne var 20 år og hadde reist i militære då ulukka ramma systera. Minstebroren, Martin, fylte ti det året ho vart påkøyrd.

— Eg klarte nok ikkje å gje sønene mine den merksemda dei fortente etter at Marthe vart påkøyrt. Likevel kan eg i ettertid ikkje sjå at eg kunne gjort noko annleis. Spesielt gjekk nok dette utover Martin. Han var i ein alder der vaksenkontakt er viktig, seier han i dag.

Norvald Hestetræet er lærar og rektor ved Fauskanger barne- og ungdomsskule. Dei ni og eit halvt åra dottera var pleiepasient, var han heile tida i full jobb.

— Jobben gav ny energi til å stå dei kampane eg måtte for Marthe, seier han.

Først i haust, da dottera vart ramma av fleire infeksjonar som følgje av tilstanden sin, forsto han at han at han var utsliten og trong sjukmelding.

— Marthe hadde alltid mange hjelparar rundt seg dei siste år ho levde. Når ho ikkje er her meir, er det tomt rundt oss. Brått vart var alt så stille. Eg trur det vil ta tid for å forstå at stilla og tomheita tyder at Marthe endeleg har fått fred, seier han.

FIKK ERSTATNING: Promillekjører-offeret Marthe Madsen Hestetræet (21) fikk som en av de første i Norge oppreisningserstatning dekket av staten. Her sammen med faren Norvald. ARKIVFOTO: HELGE SUNDE
Helge Sunde
STILLE: - Det kjennest tomt og stille når Marthe ikkje er her lenger. Men vi har mange gode minner også frå åra etter ho var skadd, seier Norvald Hestetræet. Dottera måtte ha hjelp til alt etter ho vart køyrd ned av ein fyllekøyrar.
Eirik Brekke