– Likeløn, klima og soldatar heim frå Afghanistan, står høgt på mi liste. Så får vi sjå kva som blir prioritert når SV held landsmøte i Bergen i mars, seier ungdomskandidaten frå Bergen som slo ut rivaliserande distriktskandidatar under Hordaland SV sitt nominasjonsmøte på Voss i går.

Barstad overtek andreplassen, og dermed kampplassen på stortingslista etter Audun Lysbakken. Han avløyser Ågot Valle på den relativt trygge listetoppen.

– Det er stort å få gå i dine fotspor, Ågot. Det står stor respekt av det du har gjort, sa Lysbakken då han takka for tilliten.

– Ikkje bystyre

Lysbakken vart nominert ved akklamasjon, og Gina Barstad greidde seg så vidt med ein røysteomgang; 23 av 44 røyster. Distriktet delte seg med 15 røyster på Aud Karin Oen frå Øygarden og seks til Silje Strøm frå Askøy. Dei mangla med andre ord minst ei røyst på å vinna fram ved å samla seg om ein av kandidatane.

Med bergensarar på dei to første plassane valde Amir Payan å trekka sitt kandidatur til tredjeplassen «av respekt for distriktet».

– Det er ikkje Bergen bystyre vi skal nominera til, sa innvandrarrepresentanten frå Bergen.

Lothe på tredje

Dermed var det duka for ny distriktskamp, no mellom Hardanger og Sunnhordland, der veteranen Bjørn Lothe, Ullensvang, drog lengste strået, og kan vera budd seg på varaplass til Stortinget. Oen vart klappa inn på fjerdeplassen og Payan på femte.

Nominasjonsmøtet enda såleis opp med same lista som nominasjonsnemnda had-de gjort framlegg om, bortsett frå at Jorge Del Pino, Stord, kom inn på 13.-plassen i staden for Jostein Strand som galant overlet plassen til sambygdingen, og auka innvandrarkvoten.

Her er lista

1. Audun Lysbakken

2. Gina Barstad

3. Bjørn Lothe

4. Aud Karin Oen

5. Amir Payan

6. Oddny Miljeteig

7. Nils Magne Blålid

8. Silje Strøm

9. Tore Svendsen

10. Mette Holmefjord Olsen

11. Simen Willgohs

12. Tina Åsgård

13. Jorge Del Pino

14. Gunnbjørg Øyre

15. Espen Edvardsen

16. Marie Morken Mæland

17. Bjarne Mohn Olsvold

18. Vigdis Askeland Dale

19. Aso Karim

20. Ellen Hagen

21 Ågot Valle

RUNE SÆVIG (MMS)
NY TILLIT: Jørgen Melve fekk fornya tillit på årsmøtet til Hordaland SV.
ØRJAN DEISZ (ARKIV)