Ofotbanen opererer lengst i nord, NSB i resten av landet. Opphevinga av jernbanemonopolet har til no ikkje skipla biletet på persontogsida.

Ingen greidde å levera lågt nok tilbod i tevlinga om drift av Bratsbergbanen, og NSB vart engasjert utan ny tilbodstevling.

Tevlinga om drift av Gjøvikbanen vart vunnen av NSB Anbud, eit dotterselskap som NSB har skipa nettopp for å delta i slike tilbodstevlingar.

Planen om å konkurranseutsetja lokaltrafikken Bergen-Voss-Myrdal vart skrinlagt fordi mogeleg lekkasje av passasjerar til NSB sine fjerntog gjorde tilbodsgrunnlaget usikkert.

I staden bestemte samferdsleminister Torild Skogsholm seg for å laga ein «pakke» av lokal— og fjerntrafikk på Bergensbanen, og ein tilsvarande for Sørlandsbanen. «Pakkane» ligg no på raudgrøn is.

På gods-sida er CargoNet dominerande. NSB eig dette selskapet saman med svenske Green Cargo AB. Men fleire utanlandske jernbaneselskap er på veg inn.

Stadig tettare trafikk med stadig lengre godstog dempar farten på jernbanenettet og krev lengre kryssingsspor. I Europa blir det bygt heilt nye høgfartsbaner, medan gamle spor vert nytta til lokaltrafikk og godstog. Tett trafikk, og tog med ulik fart og stoppmønster på same spor er fartshemmande.

Jernbaneselskapa som har etablert seg i Noreg, eller har klart ønskje om å gjera det, har skipa interesseorganisasjonen Norsk Togopereratørforening, Her er også ein del lokale trafikkselskap med.