Denne gongen heiter prosjektet «Miljøgate». Rett nok må dei nøya seg med eitt einsleg kvartal i første omgang, i tillegg til ei solid opprusting av Torget. Brukt gatestein er innkjøpt. Den skal rivast opp frå ei gate i Berlin og skipast til Granvin.

Resten av Vangsgata, det aller meste, er det ikkje pengar til.

Før var det romslege breidde til bilkøyring, parkering og fortau som gjorde vossingane stolte av stasgata på Vangen. No skal passasjen for biltrafikken snevrast inn, til høglydt protest frå handelsmennene. Enkelte lokalpolitikarar ser helst at Vangsgata blir gågate austom Vangskyrkja. Mest aktuelt no, er einvegskøyring austover, færre parkeringsplassar og breiare fortau.

— Utviklinga i Voss sentrum kan lett bli ei stor kampsak i bygdestyringa på Voss i komande valbolk, seier ordførar Bjørn Christensen til Bergens Tidende.

Han er blant dei som meiner at det har vore prata mykje om Vangsgata, og gjort lite, i mange, mange år.

Viktige premissar kan faktisk bli lagt alt i kommunestyremøtet komande torsdag, det siste møtet til sitjande kommunestyre. Det kan avgrensa handlefridomen for dei nye etter valet.

Men dei får både reguleringsplan, parkeringsordning og fysisk utforming av gata i fanget.

— Det er galskap med nye køyrerestriksjonar og færre parkeringsplassar når einaste avlasting er den sterkt trafikkerte E16, seier Framstegspartiet sin toppkandidat, Leif Arne Vangsnes, til Bergens Tidende.

Også Aud Walaker Hutchinson i Høgre er skeptisk til rekkefylja på tiltaka. Parkering og køyrevegar må koma først. Og ho er ikkje imponert over politikarar som vil læra kjøpmennene kva som er deira eige beste.

— Vi må høyra på dei handlande i ei sak som denne. Det er dei som skal leva av handelen, påpeikar ho.

Utan butikkar, kan det bli ei stussleg gågate.

OMSTRIDT: Gravinga er i gang i første kvartalet av miljøgata i Voss sentrum, men det er ikkje fastlagt korleis utforminga blir vidare innover Vangsgata.<p/>: RUNE SÆVIG