Med BT-journalist Terje Ulvedal som forfattar har Selja Forlag presentert ein av tidenes vassdragskampar i Norge, frå første konsesjonssøknad omkring 1970 og fram til vernevedtaket 1. april 1993.

Det einaste som stort sett skilde denne kampen frå slaget om Alta er dei 500 politifolka og dynamitt-sabotasjane på elles fredelege Finnmarksvidda. Elles har Gaula-kampen, noko boka svært godt får fram, alle godbitane frå ein svært så varm politisk feide — kanskje den største nokon gong i Sogn og Fjordane.

Rollene til alle i denne 20 år lange feiden, frå Kåre Willoch til mannen i gata i Gaularregionen, får lesarane friska opp igjen; med solid kjeldegrunnlag som sanningsvitne om at det gjekk svært så varmt for seg, nesten på alle måtar.