ARNE HOFSETH

Du skal halda tunga beint i munnen når du køyrer den smale vegen oppover i fjellet frå øvste hårnålssvingane i Skjervet på riksveg 13. Det er stupbratt ned i gjelet. Men pølsa du får kjøpt på fjellgarden Skår, er vel verdt turen. I går vart leiaren i Stortinget sin nærings— og miljøvernkomite, Olav Akselsen med til tuns.

— Reint fårekjøt, litt småflesk av gris, og berre pepar til krydder, røper Aslaug Irene Skår om den velsmakande middagspølsa.

Saman med mannen Steinar har ho laga småskala pølsefabrikk i eit utvida eldhus og det gamle våningshuset.

— Vi er heilt avhengige av den gode servicen som Gilde Vest yter. Vi får att skrottane av dyra vi sjølve leverer, tillaga akkurat slik vi vil ha dei, seier Skår.

Skal det vera Skåramat, så skal det helst vera av sau som har beita i området, eigne dyr eller naboane sine.

Om Skår ligg aldri så avsides, så er det ikkje problem å få selt kvar smitt og smule. Marknadsføringskostnadene er null. Det går etter munn-til-munn-metoden og eit innsmett på internettsidene - til Granvin skyttarlag!

Nede i slakteriet på Røynstrandsflatane står tillitsvalde Eli Dahle klar med argumentasjon på strak arm. Saman med dagleg leiar Knut Sygnestveit skal ho sloss for arbeidsplassane i Granvin i det interne arbeidsutvalet som Gilde Vest har sett ned.

— Slakteriet her i Granvin bør spesialisera seg på slakting og foredling av kjøt til nisjeprodukta. Dei er i vekst her i Hordaland, hevda ho overfor Akselsen, som kvitterte med å ønskje lykke til.

Mange av bøndene i nabokommunen Voss køyrer slaktedyra sine forbi Granvin til private slakteri i Rogaland. Ordførar Bjørn Christensen verka brydd over at gamal usemje mellom vossingane og landbrukssamvirket framleis sit så hardt i.

— Vil meir slakt frå Voss vera med på å berga slakteriet i Granvin.

— På lengre sikt, ja. Men eg føler at dette er ein litt annan krig enn den vi no står framfor i Gilde Vest, seier Eli Dahle til Bergens Tidende.

Knut Sygnestveit fortalde at nisjeproduktet «Vossalam» vert laga på Vossestrand av dyr som er slakta i Granvin og skorne i Førde. Hadde Granvin fått nedskjeringsjobben kunne ein spart transporten opp til Førde og attende.