I dag har det store skuleslaget stått på Voss med demonstrasjonar frå skular og barnehagar før kommunestyremøtet no i kveld.

Det ser ut til at det hjelpte: Voss kommunestyre vågde i dag ikkje å legga ned ein einaste skule til hausten, men fleire går ei uviss framtid i møte.

Knapt fleirtall

Med knappast mogeleg fleirtal, 22 mot 21 røyster, drog Senterpartiet det lengste strået.

Dei nøyer seg med å la ei nemnd vurdera samanslåing av Gullfjordungen, Vangen og Gjernes i sentrumsområdet, og la folketalsutviklinga dei næraste åra bestemma lagnaden til Myrkdalen skule og ungdomsskuletrinnet på Evanger.

Også dei aller fleste barnehagane overlevde dagens votering i Voss kommunestyre.

Stort engasjement

Motstandarar av nedleggingane har synt stort engasjement med lesarbrev i lokalavisa, trugsmål om overgang til nabokommunen Vaksdal og demonstrasjonar heilt fram til møtet tok til.

Ungar og vaksne frå Raundalen barnehage møtte tidlegare i dag opp for å demonstrera mot den varsla skulemassakren på Voss.

Ungane i Raundalen barnehage sto i fare for å flytta til Kløve skule. Skuleborna på Kløve skulle kanskje bli flytta til Palmafossen — dersom det vart vedteke i kommunestyret i dag.

Les også: Bråk om skulemassakre

Slik såg rådmannen sitt opphavelege framlegg ut. Trykk på knappen til høgre over bilete for å sjå større versjon.
grafikk@bt.no
ENGASJEMENT: Ei siste oppmoding til lokalpolitikarane før møtestart. Nærast aksjonistar frå Raundalen barnehage, som etter rådmannen sitt framlegg skal flyttast til Kløve skule når den er nedlagt og elevane der er flytta til Palmafossen. Dette opplegget vart det ikkje fleirtal for i dag.Foto: Arne Hofseth
Arne Hofseth