GEIR LILJEGREN

Saman med dottera Julia (14) og fleire andre familiemedlemmer vart Nadja for to og eit halvt år sidan, den 9. april, henta med makt og sendt ut av landet. Ho kom tilbake til Noreg etter vel eit halvår på flukt og gjekk i bedehusasyl på Sunde. Etter ei tid fekk ho garantiar for at ho og dottera ikkje ville bli kasta ut medan saka var oppe, og ho fekk arbeidsløyve.

– No går ankefristen ut 23. desember, det betyr at dommen om utkasting blir gjeldande frå julekvelden, seier Britt Elin Haga, initiativtakar til fakkeltoget og lærar ved Kvinnherad vidaregåande skule, der Nadja har jobb i kantina.

– Vi treng 75.000 kroner for å kunna anka, då vil vi føra saka vidare, seier Lars Kallevik, mangeårig støttespelar for Nadja og Julia. Med i fakkeltoget var mange noverande og tidlegare klassekameratar av Julia, som no går på Husnes ungdomsskule. Fakkeltoget gav som resultat 8000 kroner til den vidare kampen for Nadja og Julia.

STØTTESPELARAR: Marita Haga (13) gjekk i sjuandeklassen saman med Nadja på Sunde skule, og deltok i toget saman med Mathilde Mikkelsen (8).
MAGNE FITJAR