— Dette er ein seriøs utfordrar til Fjord1. Dei legg opp til direkte konkurranse, kommenterer reiselivssjef i Aurland og Lærdal, Noralv Distad, om søknaden.

Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden, på Unescos verdsarvliste, er mellom indrefiletane i vestlandsturismen. I fjor frakta Fylkesbaatane 146.000 passasjerar på den to timar lange spektakulære fjordruta mellom Flåm og Gudvangen. Med prisar på over 200 kroner legg dei reisande att over 20 millionar i reine billettpengar. Dei aller fleste løyser billett i sommarsesongen, då selskapet i fjor kasta anker fem gonger frå kvar av plassane med ulike fartøy.

Heilårsdrift

Medan det har vore fritt fram for charterbåtar, har Fjord1 hatt monopol på rutedrift på Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden. Men for nokre veker sidan fekk Sognefjorden AS løyve til å drive ei dagleg rute mellom Flåm og Gudvangen kommande sommar. Og berre dagar etter at Fjord1-monopolet blei brote, dukkar ein ny utfordrar opp. Og det med store planar.

Opplegget Aurland Ressursutvikling (AR) har presentert, legg opp til direkte konkurranse om velståande passasjerar. På same måte som Fjord1, vil AR drive heilårsrute mellom Flåm og Gudvangen. I toppsesongen frå juni til september vil dei dagleg køyre frå fire til seks turar i kvar retning. I skuldersesongen vår og haust vil dei trappe ned til å gå to eller tre turar. Vintermånadene tenkjer dei seg ein eller to daglege avgangar.

Frå neste år

AR er overbygningen for ei rekkje reiselivstiltak i Aurland. Dei eig mellom anna Flåmsbana, Fretheim Hotell, Flåm Utvikling og fleire andre reiselivsretta verksemder. Aurland kommune har ein dominerande posisjon i selskapet. Men også Siva Eiendom Holding og Hurtigruten Group er inne på eigarsida, i tillegg til at den lokale sparebanken har ein liten aksjepost.

Dagleg leiar John Bernhard Bottheim seier dei tidlegast vil starte drifta neste sommar.

— Vi prøver heile tida å utvikle våre system. Det vi ser på med denne søknaden er korleis vi kan ekspandere mot fjorden, seier Bottheim.

— Men er marknaden så stor at to konkurrerande selskap kan køyre så godt som parallelle ruter?

— Det får vi sjå på når vi har kome i gang. Vi trur på vekst i trafikken, ikkje minst sidan Nærøyfjorden i fjor kom på verdsarvlista til Unesco. Men vi utelukkar ikkje samarbeid med andre, gjerne med Fjord1.

Misnøye med Fjord1

Aurland-ordførar Olav Johan Ellingsen sit i styret i Aurland Ressursutvikling. Han seier styret i lang tid har diskutert å starte rutedrift på fjorden.

— Frå kommunens side har vi ikkje vore fullt ut nøgde med opplegget frå Fjord1. Vi har slite med å få gjennomslag for eit fullgodt heilårstilbod, ikkje minst har det vore eit problem at Fjord1 ikkje har sett inn fartøy som kan gå i is, seier Ellingsen.

— Vi legg ikkje skjul på at vi tener gode pengar i juni, juli og august. Inntektene har vi brukt til å satse på å forlengje sommarsesongen, halde ei rute gåande heile vinteren og subsidiere andre tilbod, eksempelvis sommarruta på Fjærlandsfjorden, seier Jarle Skartun.

Fjord1-styreleiaren seier han trur den auka konkurranse vil kome om godbitane, og at det kan føre til færre ruter og dårlegare tilbod utanom høgsesongen.

— Veldig mykje av grunnlaget for vår satsing elles i året vil falle vekk, dersom inntektene frå sommartrafikken går ned, seier Skartun.

— Kva vil ryke først?

— Det vil avhenge av mykje. Men ruta på Fjærlandsfjorden har ikkje svart til forventningane våre.

TURISTMAGNET: Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden trekkjer til seg stadig fleire turistar. No blir det konkurranse om båtrutene i området. ARKIVFOTO: HELGE SUNDE
Bergens Tidende