Det er tilsynelatande full forvirring rundt planane for utviding av skulen i kommunesenteret, etter at politikarane stoppa det planlagde nybygget for småskulen som skulle stått klart til skulestart hausten 2004. Prosjektet er for dyrt, meinte fleirtalet i kommunestyret. Samtidig er planar for ein ny idrettshall lansert i samband med skuleopprustinga.

Ny småskule

Etter månadsvis med utsetjingar, diskusjonar og nye alternative idear var det folkemøte om skuleutvidinga sist veke. Resultatet er at politikarane vil gå nye rundar med foreldre, skuletilsette og idrettslag.

— No må politikarane vise at dei prioriterer skulen og barna her i bygda. Eg meiner at alle innspela rundt idrettshall har bremsa opp skuleutbygginga, og det er synd, seier leiar for foreldreutvalets aksjonsgruppe, Anton Schoofs. –

Ingen er motstandar av idrettshall, men her må skulen gå framfor.

Aksjonsgruppa meiner at dei opphavlege planane som byggenemnda kom opp med i fjor haust bør vurderast på nytt. Dette inneber ein heilt ny småskule like ved den eksisterande Lærdalsøyri skule. Dei meiner at politikarane ikkje har berekna nok areal når dei vil løyse plassproblema ved å kaste Folkebiblioteket ut frå den noverande skulen.

— Vi meiner at ny småskule kan gjerast endå billegare enn prosjektert, og at differansen mellom dei to alternativa i realiteten blir minimal, seier Schoofs.

Skule og idrettshall?

Fleire forslag er kasta inn i skulediskusjonen, og ifølgje Schoofs er siste ideen å plassere småskulen i same bygg som ein ny idrettshall. Ein idé korkje foreldregruppa eller lærarar er begeistra for.

Ordførar Olav Wendelbo meiner at både tanken om idrettshall og heilt ny småskule er dødfødt.

— Kommuneøkonomien tilseier at det er urealistisk, sjølv om begge delar kan dukke opp igjen som framlegg, seier Wendelbo.

I mellomtida må rektor Magnar Ljøsne på Lærdalsøyri skule sy saman skuledagar ved hjelp av kreativitet og nødløysingar. Korridorane blir brukte som grupperom, klasseromma er langt under dagens standard og SFO er klemt inn på det som var fellesareal. Lærarane køyrer faste utedagar heile året for å få romplanen til å gå opp.

TRONG LÆRING: – Her skal 25 tiandeklassingar ha plass på femti kvadrat. Det gjekk greitt då skulen var ny i 1969, men er uhaldbart i dagens skule, seier klassestyrar Anders Inge Hunderi ved Lærdalsøyri skule. Ifølgje rektor Magnar Ljøsne har den meir enn 30 år gamle skulen eigentleg vore for liten frå første dag.<p/>FOTO: ODDLEIV APNESETH