• Vi reknar alt på anbodet, og vonar vi kan koma attende og byggja Hardangerbrua, seier Jae-Hong Kim og smiler breitt.

Seint tysdag kveld kom han til Bergen saman med tre andre frå Daelim, eit gigantisk koreansk industriselskap. I går måtte dei tidleg opp og dra til Hardanger. Klokka 10.30 la cruisebåten Lady Anna ut på synfaring.

I alt 15 norske og utanlandske entreprenørselskap hadde sendt nesten 50 personar av garde for å sjå nærare på landskap og natur der Hardangerbrua skal byggjast.

— Vi har aldri før hatt eitt slikt frammøte på ei anbodssynfaring, seier Asbjørn Valen, som er prosjektleiar for sjølve brua. Truleg har det hjelpt på interessa at Hardangerbrua vart utsett sist haust på grunn av ekstra kostnadskontroll. Prosjektleiar Øyvind Søvik trur det har gjeve mange av dei utanlandske entreprenørane betre tid til å setja seg inn i planane.

34 selskap vil byggja

Den siste og oppdaterte lista frå Statens vegvesen syner at 34 norske og utanlandske entreprenørar har med meldt interesse for Hardangerbrua og bedt om utfyllande informasjon. Dei er frå Canada, USA, Storbritannia, Nederland, Tyskland, Austerrike, heile Skandinavia, Japan og Korea.

— Dette er svært gledeleg, og tyder på at det vert ein skarp konkurranse om oppdraga, seier Asbjørn Valen.

Jae-Hong Kim, som er leiar for bruavdelinga i Daelim, er ikkje i tvil om at Hardangerbrua er eit prestisjeprosjekt. Sjølv om dei har lang røynsle med store hengebruer frå før i austen. I Sør-Korea førebur dei seg på å byggja ei hengebru med fritt spenn på 1545 meter, som 225 meter lengre enn Hardangerbrua.

Mykje betong

Henry Focke frå Alpine Bau GmbH i Leipzig, Tyskland, knyter og stor prestisje til eit oppdrag som Hardangerbrua.

— Det er ikkje så mange slike bruer att å byggja i vår del av verda, seier han.

Alpine Bau har Sentral-Europa som viktigaste marknad. Der er det få hengebruer, men dess fleire betongbruer over elvar og dalar for veg og jernbane. Betongkonstruksjonar, det kan dei, og betong vert det mykje av på Hardangerbrua.

— Kvar fot i brutårna får eit fundament på 10 x 15 meter, forklarar Øyvind Søvik.

Og kvart tårn vil raga nesten 200 meter over fjorden.

LANGVEGSFARANDE: Prosjektleiar for Hardangerbrua, Øyvind Søvik, forklarar Jae-Hong Kim frå Korea at dei no står rett over der brukablane skal festast langt nede i fjellet. Biletet er tatt på Bu, på sørsida. I bakgrunnen er fjellveggen på Vallaviksida er nordre brutårn skal byggjast.
John Lindebotten