På søndag har japanske Nobu Imazu si første gudsteneste i Fitjar kyrkje. Stillinga som kyrkjelydsprest i Fitjar stod tom i over eitt år, før den nye presten kom på plass.

— Eg har søkt ein god del jobbar, det er nok mange som har vore skeptiske sidan eg ikkje er norsk, seier presten utan språklege vanskar.

For snart femten år sidan fann han ei bok om motstandskampen i Noreg på biblioteket heime i Kobe. Då vart han så fascinert at han la eit besøk hit til landet. Saman med ein kamerat som også er presteson, gjekk han på gudsteneste.

— Det var først på folkehøgskule på Nordmøre i 1994 at eg vart ein sikker kristen, seier Imazu.

Stor pensjonsavgang

Sokneprest Olav Oma er glad for å få ein ny kollega. Han har merka seg at det er kamp om prestane om dagen.

— Før var det berre i Finnmark og Nord-Noreg det var vanskeleg å få prestar, no ser vi det fleire stader i landet, seier Oma.

Soknepresten sin observasjon er ei kjensgjerning innan norske kyrkjeorganisasjonar, som følgjer tendensen med ei bekymra mine. Eit søk på NAV viser tjue ledige prestestillingar og sju kapellanstillingar over heile landet.

Ifølgje Presteforeninga skrumpar no søkjarlistene inn også når det gjeld stillingar i sentrale strok.

— Vi er bekymra, seier generalsekretær Ole-Johs Huuse.

— Det er nytt av året at ein også i Bjørgvin må lyse ut stillingane to og tre gonger. Frå Sogn og nordover kan ein stort sett velge og vrake som prest i dag, seier Sven Harald Nilsen, lokallagsleiar i Bjørgvin.

Kan velge og vrake

Tendensen vert delvis forklart av store prestekull frå femtitalet, som no nærmar seg avgangsalder. Rune Skagestad, rådgjevar på Misjonshøgskolen i Stavanger trur det vi ser i dag berre er byrjinga på prestemangelen.

— Me går mot ein alvorleg prestemangel. Slik rekrutteringa er i dag og så mange prestar som går av med pensjon, vil det verte eit stort gap.

Både Misjonshøgskulen, det teologiske fakultet og Menighetsfakultetet melder at talet på ferdigutdanna prestar er heilt på det jamne.

— Mange av dei nyutdanna prestane får seg jobb i andre yrke, som personalarbeid, kommunikasjonsarbeid, utdanning og organisasjonar til dømes, seier Huuse i Presteforeninga.

At byrjarløna for prestane i år vart heva til 355.000 er eit steg på vegen. Huuse meiner likevel arbeidsgjevarane må ta i eit tak for å trekkje til seg dei ferdigutdanna prestane.

Stille kyrkjer

Ifølgje forbundet har den norske kyrkja i dag fleire danske, svenske og tyske prestar, i tillegg til nokre frå den tredje verda.

— Det er seks tyske prestar i Nidaros, ein rumensk i Nord-Noreg, og to afrikanske prestar i den norske kyrkja, seier kyrkjelydspresten i Fitjar.

Prestar med utdanning frå andre land må likevel gjennom godkjenning frå ein av dei norske utdanningsinstitusjonane før ein kan virke som prest i Noreg. Sjølv er Nobu Imazu utdanna i Oslo.

— Eg synest den norske liturgien er så vakker. Den lutherske forkynninga skapar ei stille som skapar høve til å få kontakt med Gud, seier Nobu Imazu.

DØYPT AV MISJONÆR: Nobu Imazu vart døypt av ein norsk misjonær heime i Japan i 1993. To år før var han på gudsteneste saman med ein presteson i Hamar-traktene.
Deisz Orjan