— Sist Stordfest var det rundt 270 gjestebåtar, og mange måtte avvisast grunna mangel på plass, seier Stords hamnesjef Arvid Sandnes.

Trass i at småbåthamna er opprusta for over to millionar kroner, er det færre gjesteplassar under Stordfest 2010 enn på forrige festival i 2007. Årsaka er fleire inviterte fartøy som inngår i festivalen i år. Blant anna skal ubåten KNM «Ula» innta Skotabergskaien som var gjestekai i 2007.

Med seglskutene «Statsraad Lehmkuhl», «Christian Radich» og «Sørlandet» som trekkplaster går Stordfest av stabelen fredag, laurdag og sundag. Med musikalske flaggskip som Hellbillies og DumDum Boys i tillegg, kan publikumstalet 35.000 frå 2007 passerast om vêret er bra.

Hamnesjef Sandnes oppfordrar båtfarande gjester om å kontakta vakter for å bli tilvist kaiplass. Hamnestellet har seks mann på vakt under festivalen, og har eigen vaktbåt og Kystvaktens KV «Tor» til å sikra tryggleiken i hamnebassenget.

Arvid Sandnes er kjent med at fleire båteigarar på Stord har vore tidleg ute med å sikra seg plass ved gjestebryggjene.

— Vi skjønar at det kan oppfattast som uheldig. Men vi må behandla alle gjester likt, og kan berre appellera til moralen, seier hamnesjefen.

Det offisielle Stordfest-programmet opnar med seglskuteparaden inn til Leirvik mellom klokka 13 og 15 fredag.