Hans Erik Ringkjøb (36) vart applaudert inn på andreplassen då Arbeidarpartiet i går skulle nominera arvtakaren etter den populære og joviale ordføraren Bjørn Christensen.

Kommunevalet vil avgjera om Gunn Berit Lunde Aarvik vert den andre kvinnelege ordføraren på Voss. Ragnhild Skjerveggen (Sp) var den første.

Både partileiar Christopher Ray Beckham og dei to toppnominerte forsikra at dei frontar eit samla parti, men nominasjonsmøtet kunne tyda på at partiet er delt på midten.

Randi Knapstad, Klaus Skjeldal (sorenskrivar i Hardanger) og Sissel Mugaas Bjørkhaug (dotter av tidlegare ordførar) hadde alle fleirtal i nominasjonsnemnda. I tur og orden gjekk dei på talarstolen og trekte sitt kandidatur. I staden vart Lilly Karin Helland og tidlegare Brann-spelar Atle Bilsback applaudert inn på dei sikre plassane etter Ringkjøb.

Resten av vallista vart lite endra. Unge Knut Knapskog kom inn på ein ledig plass.

Dei som argumenterte for Gunn Berit Lunde Aarvik la vekt på kvinnerepresentasjon og hennar mange velskjøtta verv på mange samfunnsområde, mellom anna som styremedlem i Norges Skiforbund.

Hans Erik Ringkjøb er forskar. Han forskar på lokalpolitikk og demokratiske prosessar. Han vart rosa som ein god analytikar med evne til å inkludera medarbeidarane.

Arne Hofseth
Arne Hofseth