HANS K. MJELVA

Dei tilsette rasar, og har sendt eit professortungt brev til universitetsleiinga.

Det går mot eit turbulent møte førstkomande torsdag, når styret ved Universitetet i Bergen (UiB) tar stilling til korleis universitetet skal styrast i framtida.

Heile reforma, der fagleg valde leiarar på alle plan skal byttast ut med heiltidstilsette «administratorar», er omdiskutert. Men på møtet torsdag er det spesielt spørsmålet om universitetets nye «administrerande direktør» med tittel rektor, som skaper strid.

I førre veke vedtok Universitetet i Oslo at rektor skal veljast av dei tilsette og studentane, og NHH har gjort det same. Men universitetsdirektør Kåre Rommetveit vil utsetje saka til Stortinget har sagt sitt i februar, og argumenterer i sakspapira sterkt for modellen der det departementsoppnemnde styret skal tilsette rektoren.

For dei tilsette handlar det om demokrati, fagleg fridom og ein snart 200 år gammal tradisjon.

Fryktar store konfliktar

I går sendte 13 prominente professorar eit brev til rektor Kirsti Koch Christensen der dei krev at universitetsstyret følgjer UiO og NHH, og vedtek at rektor skal veljast.

Universitetsdirektør Rommetveit meiner ein demokratisk vald rektor vanskeleg vil kunne kombinerast med eit departementsoppnemnd styre, der han sjølv ikkje er medlem. Det sjølv om regjeringa opnar for ei slik løysing.

— Når Universitetet i Oslo og NHH har gått inn for vald rektor, då synest eg veldig rart om ikkje UiB skulle gå inn for det same. Det seier professor Stein Kuhnle som er første varamedlem til universitetsstyret og ein av brevskrivarane,

Kuhnle har ikkje gjeve opp vona om at styret torsdag kan gå inn for demokratisk vald rektor. Går dei inn for innstillinga frå Rommetveit, fryktar han styret bind seg til ein styretilsett rektor i februar.

Det avviser universitetsdirektør Rommetveit.