Ordførar Toralv Mikkelsen får eit opprop og ei lang liste underskrifter overlevert når han i dag opnar møtet i kommunestyret, som har reguleringsplanen på saklista.

Dei kulturinteresserte underskrivarane er redde for at Odda er i fritt fall som kulturkommune. Her må det tenkast langsiktig utvikling.

Ordføraren er blant dei som ikkje vil omregulera området ved Smelteverket sin eksportkai på Allmerket til næringsføremål, men partiet hans er delt på midten. Både partileiar Gard Folkvord og leiaren av utviklingskomiteen, Bjørn Vivelid, går inn for ei slik løysing.

I oppropet er ei tilråding frå utviklingskomiteen om å plassera eit trelastlager på området trekt fram som døme på kulturforfallet i Odda.

— Dette er ikkje lenger aktuelt. Byggevarefirmaet som har søkt om ny tomt, har trekt søknaden på grunn av all støyen, opplyser Mikkelsen til Bergens Tidende.

Han trur at ein interpellasjon i dagens kommunestyremøte til støtte for eit byggsenter på tomta, kan blir trekt attende.

— Skal møtet i dag avgjera reguleringa av heile Smelteverkstomta?

— Nei, av Smelteverket sitt tidlegare areal er det no berre området mellom riksvegen og sjøen som er med. Den store biten på sørsida av vegen (oppsida) er trekt ut av reguleringsplanen for revurdering av vegføringane. Då Odda Smelteverk gjekk konkurs, vart det aktuelt å leita etter betre vegløysingar enn «Smelteverkstangenten» som var vedteken. I staden for å halda seg i utkanten, kan vegar no skjera gjennom det svære smelteverksområdet, forklarer ordføraren.