— Det kjem ikkje på tale. Vi driv ikkje billettsal. Vi berre hjelper passasjerane til å få grei tilgang til kunnige billettseljarar på Finse stasjon, seier nettredaktør Geir Skogeng til Bergens Tidende.

Han styrer nettstaden www.finse.com frå Bergen. Internettsidene for Finse-frelste har eksistert i fleire år, men billett-tenesta er ganske ny - og suksessfull. Mange synest at denne tenesta er greiare enn NSB si offisielle, også når det skal kjøpast billett til tog mellom Drammen og Oslo, for å nemna eit døme.

Vil berga stasjonen

— Ideen med privat billettservice over internett kom fordi NSB truga med å legga ned jernbanestasjonen på Finse, fortel Skogeng.

— NSB ser på omsetnadstala i billettluka, og det avspeglar ikkje aktiviteten på denne stasjonen. Folk kjøper vanlegvis tur/returbillett frå heimstaden når dei reiser til Finse. Vi vil snu på dette, slik at billettane vert kjøpt på Finse stasjon, og registrert som omsetnad der, forklarer han.

Med stengde dører på stasjonen misser Finse-samfunnet viktige funksjonar, ikkje berre høvet til å kjøpa, eller retta på, ein togbillett i ny og ne.

Trugar med rettssak

På nettsidene er det lagt ut eit bestillingsskjema som folk kan fylla ut. Skjemaet går rett til Finse, der NSB sine tilsette ekspederer bestillingane i ledige stunder. Her er levande menneske som kan ringa kunden dersom det er mistydingar som må oppklarast, gje tips om rabattar m.m.

— Tenesta vår kostar ikkje kunden ei krone ekstra. Vi tek ingen provisjon. NSB sin påstand om at vi driv med billettsal, er feil. Kontakten vert knytta gjennom oss, men så skjer alt direkte mellom kunden og NSB sine folk på Finse, seier Skogeng.

Han er oppgitt over at sjefen for NSB sin e-handel, Ann-Mari Amundsen, trugar med advokatar og rettssak mot eit tiltak som heilt gratis hjelper NSB med sal av togbillettar.

Har teke av

— Dette burde dei jubla over, ikkje setja ein stoppar for, seier nettredaktøren.

Han innser likevel at han kan ha sett kjeppar i hjulet for NSB dersom deira mål har vore å få lagt ned verksemda på Finse stasjon, og styrka dei sentrale callsentra sine. For mange framstår ikkje NSB sine eigne system for billettbestilling på web og over telefon, som enkle. Den enklare privatversjonen over Finse har gitt stasjonen eit kraftig løft.