Master nesten like høge som rådhuset i Bergen blir godt synlege både i fjordlandskapet og frå hyttefelt, blant anna Kvamskogen.

Hardanger mobiliserer mot kraftlina som vil koste 430 millionar. Politikarar og aksjonistar krev at Statnett anten legg lina i sjøkabel eller skrinlegg planane.

Turistar kjem langvegsfrå for å oppleve det spektakulære og ville fjordlandskapet på Vestlandet. I 2004 fekk Fjord-Noreg topplassering i eit av verdas største turistmagasin, National Geographic Traveller — foran Pompeii, Toscana og over hundre andre berømte reisemål.

I juli fekk dessutan Nærøyfjorden og Geirangerfjorden plass på UNESCOs eksklusive verdsarvliste.

Like kjend er Hardanger. Men no fryktar hardingar at det berømte fjordlandskapet kan bli øydelagd. Statnett SF planlegg å byggje ein 90 kilometer lang kraftleidning tvers gjennom Eidfjord, Ulvik, Granvin, Kvam og Samnanger.

— Kraftlina vil representere det største menneskeskapte inngrepet i Hardangernaturen nokonsinne. Hardangerbrua blir berre ei fillesak til samanlikning, seier Klaus Rasmussen i Øystese til BT.

Kraftlina kjem til å liggje 1 kilometer frå heimen hans, og Rasmussen er ein av initiativtakarane til «Folkeaksjonen i Hardanger mot 420 kV-line».

— Ikkje berre blir merkevara Hardanger skadelidande. Det er heller ikkje tvil om at livskvaliteten til oss som bur her blir kraftig forringa.

45 meter høge master

Bergensarane brukar stadig meir straum, og forbruket kjem til å auke endå meir i åra som kjem. Dette er bakgrunnen for at Statnett ønskjer å forsterke hovudnettet til bergensområdet.

Fleire alternativ er vurderte, men 420 kV-luftleidning frå Sima kraftverk i Eidfjord til Samnanger transformatorstasjon er det klart beste, heiter det i Statnett-meldinga, som vart sendt ut på høyring i sommar. Årsaka er låge investeringskostnader, høg nettkapasitet, fleksibilitet og robust forsyning.

Mastehøgdene vil variere frå 15 til 45 meter, og normalt vil det stå tre master per kilometer. Kraftlina kjem til å gå både gjennom villreinområde, nedbørsfelt til verna vassdrag og fleire landbruks-, natur og friluftsområde.

— Den digre traséen kjem til å gå som ein motorveg gjennom landskapet, og mastene vil stå som store monument i terrenget. Traséen kjem til å kløyve fjellheimen i to. Nærmiljøet blir øydelagt, også jaktterreng og fjellområde, seier Rasmussen til BT.

Fekk melding i fellesferien

Hardanger er ein region i stagnasjon med synkande folketal. Ei kraftline vil forsterke den negative utviklinga, meiner folkeaksjonen. Aksjonistane er også svært kritiske til måten Statnett har handtert den planlagde utbygginga så langt.

— Storkapitalen rår. Statnett tek oss ikkje på alvor, men set lokalt næringsliv og lokale verdiar til side. Selskapet har møtt oss med arrogante skuldertrekk og ei litt hånande haldning, og vil ikkje diskutere andre løysingar enn luftspenn, hevdar Rasmussen overfor BT.

— Sjølv om dette er eit svært inngrep, er høyringsfristen berre to månader. Samtidig sender Statnett ut meldinga midt i fellesferien, og folk får ikkje tid til å setje seg inn i ei så komplisert sak. Dette er ein hån mot demokratiet.

Neste veke arrangerer NVE folkemøte i Ulvik, Granvin, Kvam og Samnanger.

— Vi ønskjer å mobilisere hardingane, men også gjere dette til ei sak av nasjonal karakter. Anten må Statnett legge kraftlina i kabel eller skrinleggje heile prosjektet, seier Rasmussen til BT.