— No kan vi ikkje lenger vera snille gutar, seier dagleg leiar Inge Børslien i Aksjon Jondalstunnelen Nå til Bergens Tidende.

Konsekvensutgreiinga for Jondalstunnelen er no lagt fram. Tunnelen med tilførslevegar vil kosta frå 500 millionar og til langt over 700 millionar, alt etterm kva alternativ ei8n vel.

— Vi har prøvd å halda Jondalstunnelen og Hardangerbrua frå kvarandre, ut frå den tanke at regionen vår har bruk for båe to. Men dersom dei framlagde tala for Jondalstunnelen er rette, kan vi knapt hindra at konflikten mellom Jondalstunnelen og Hardangerbrua kjem opp i dagen. Då må vi minna folk om at Hardangerbrua, med ei meir enn usikker framtid, har ståande rundt 100 millionar kroner. Pengar som kan koma vel med for Jondalstunnelen. Og dei kommunane som har engasjert seg for Jondalstunnelen må seia klårt frå om dette, seier Inge Børslien.

Rundar med vegvesenet

— Eit slikt initiativ vil ikkje koma frå oss. Vi vil ikkje blanda Hardangerbrua inn i den saka vi arbeider for, seier John Skogseth, som er ordførar i Jondal og styreleiar i Hardangervegen AS.

— Vi vil i staden gå nokre rundar med vegvesenet og sjå om vi ikkje kan klara oss med ei enklare og billegare løysing enn den som er framlagt, seier Skogseth til BT.

Men som Inge Børslien veit Skogseth vel korleis det kan sjå ut til sommaren, etter at Stortinget har vedteke Nasjonal Transportplan og før det same Stortinget skal løyva 50 millionar kroner til Jondalstunnelen.

Urealistisk

For dei 50 millionane rekk ikkje langt. Dei 50 millionar kronene som eit fleirtal på Stortinget vil løyva til fylkesveganlegget Jondalstunnelen høyrer heime i ein finansieringspakke regionvegsjef Ole Chr. Torpp seier er heilt urealistisk:

  • 55 millionar kroner frå kommunane Kvam, Jondal og Odda.
  • 110 millionar kroner frå Hordaland fylkeskommune.
  • 50 millionar frå Stortinget.
  • 120 millionar i bompengar.
  • 335 millionar kroner til saman .

Denne byggjesummen har både fylket og dei deltakande kommunane halde seg til - inntil no. Men konsekvensutgreiinga, som no ligg føre, fortel at den minste summen vi kan få tunnel for mellom Jondal og Kvinnherad, er 502 millionar kroner. Og då er det berre flikka litt på smale og svingete tilførslevegar i Jondal og Kvinnherad.

Høgt spel

Det vegvalet Statens vegvesen rår til, kostar 665 millionar for eit 1. byggjesteg, men då vert både landskap og busetnader sparde for øydeleggjande inngrep.

— No synest dette å vera heilt urealistisk. Vi kan spørja oss om Jondal kommune har spelt eit for høgt spel. Dei kunne hatt Hesviktunnelen no, seier fylkesordførar Torild Selsvold Nyborg, KrF.

— Dette var formidable tal. Eg kan ikkje sjå at det er noko meir å henta frå fylket, men eg vil no sjå nærare på grunnen til at prosjektet vert så dyrt, seier tidlegare fylkesordførar Gisle Handeland, Ap.

— Vi vil stå ved dei 50 millionar kronene, men med dei kostnadene vi no ser, er eg redd dette vert tungt, seier Oddbjørg Ausdal Starrfelt, som sit i Stortingets samferdslekomité for Ap.

Optimistisk

Frå bompengar er det heller ikkje stort meir å henta, skal vi tru vegvesenet.

— Dei ca. 110 millionane som vi har lagt inn, var eit optimistisk overslag. Og dei trafikktala som framgår av konsekvensutgreiinga gjev ikkje grunnlag for høgare bompengeinntekter, seier Ole Chr. Torpp.

Trafikkprognosane som er laga, fortel at 700 bilar vil køyra Jondalstunnelen kvar dag i 2020 utan bompengar. Med bompengar går trafikktalet ned til mellom 500 og 600.

Større og breiare

— Men har de ikkje lagt inn for høg vegstandard for eit fylkesveganlegg? Profilen på Jondalstunnelen er til dømes større enn på Folgefonntunnelen?

— Vi må retta oss etter nye veg- og tunnelnormalar. Der har vi ingen ting å gå på. Jondalstunnelen vil i praksis fungera som eit riksveganlegg, og utviklinga går mot større og breiare vogntog. Var største breidda for nokre år sidan 2,2 meter, så er dei no ofte oppe i 2,5 meter og meir til, svarar Ole Chr. Torpp, som og viser til skjerpa EU-krav til tryggleik som slær inn i norsk vegbygging.