Dyretragedien skjedde ved Huglafossen i Vik.

Kalvane hadde sprunge i flokk gjennom ein trong passasje og ut på ei fjellhylle, utan moglegheit til å kome seg tilbake, skriv Sogn Avis.

Funne i elva

Sju av kalvane døydde, og ein vart stygt skadd. Flokken på 16 dyr tilhøyrde Nils Vange, og førre torsdag fekk han beskjed om at fire kalvekadaver var funne i elva.

– Eg kjem til å få økonomisk kompensasjon, men det er uansett tragisk når det er eins eigne dyr, seier Vange til Sogn Avis.

Han fann resten av flokken på ei sleip fjellhylle om lag 300 meter over fossen.

— Dyra var utsvoltne

– Dyra var utsvoltne, men elles i god form, fortel bonden, som brukte heile fredagen på å frakte kalvane opp frå den fjellhylla.

Han trur kalvane sette seg fast allereie onsdag morgon.

For å hindra at det same skjer igjen, skal Vange no stengja att platået der kalvane kom seg ut.

FALL UTFOR FOSSEN: Sju kalvar døydde etter at dei forvilla seg ut på ei fjellhylle over Huglafossen.
Gunnar Kleven/Sogn Avis
- TRAGISK: ¿ Det er tragisk når det skjer eins eigne dyr, seier bonde Nils Vange.
Gunnar Kleven/Sogn Avis