Det braut i morgontimane i dag ut brann i ein fjøs på Steinklepp i Lærdal kommune. Det var rundt 11 mjølkekyr og kalvar og fire geiter i bygningen, og bonden fekk redda ut alle — unntatt ein oksekalv, som nekta å røra på seg.

— Bygningen var overtent då me kom til staden. Me begynte straks å spyla vatn inn i fjøsen. Først var det ingen teikn til liv, men så fekk me plutseleg auga på oksen som stod heilt innerst i fjøsen, fortel brannsjef i Lærdal, Asle Skalle.

Redda av vasslangane

Han trur at vatnet frå vasslangane redda kalven.

— Det var forferdeleg varmt der inne, og det er eit under at han overlevde. Vatnet redda nok livet hans, seier Skalle.

Tre røykdykkarar var i sving for å få redda ut kalven. Til saman 15 brannfolk deltok i slokkingsarbeidet.

— Dyr blir ofte så redde når det bryt ut brann at dei ikkje vil røra på seg. Kalven stritta imot heile tida, men ved hjelp av ei grime fekk røykdykkarane han ut til slutt, seier brannsjefen.

I fin form

Det står etter forholda bra til med kalven.

— Utruleg nok såg han ut til å klara seg bra. Veterinæren på staden kunne ikkje sjå at han hadde fått store skadar. Einaste er at han kan ha fått røyk i lungene, seier Skalle.

Politiet fekk melding om brannen klokka 08.07, og klokka 09.00 stod bygningen framleis i full fyr.

— Både politi og brannvesen er på staden. Låven ligg tett inntil E16, og politiet har manuell dirigering forbi brannstaden, sa Odd Arve Solvåg ved operasjonssentralen i Sogn og Fjordane politidistrikt til bt.no tidlegare i dag.

Totalskadd

Klokka 10.00 kunne politiet melda at brannen var under kontroll, og at vegen igjen var open for trafikk.

Fjøsen blei totalskadd i brannen.

— Brannen kunne ha spreidd seg til andre hus, men me hadde heldigvis vêret på vår side, seier brannsjef Asle Skalle.

Bonden får no hjelp av naboar og kommunen.

— Det er snakk om at han skal få ha dyra sine i fjøsen til naboane, seier Skalle.

2211-TIPSAR (MMS)