«For kvinnene i Nordfjord er Den norske jordmorforening eirein katastrofe.»

Med desse orda avsluttar tilsette ved fødeavdelinga påNordfjord sjukehus pressemeldinga der dei kjemmed sine reaksjonar på avgjerdaregjeringa nyleg fatta om fødetilbodet i distrikta. Brevet er underteikna av tolvjordmødre, som ikkje berre går i strupen på dei styrande — men også si eigafagforeining:

— Imponert? Ja, over NSF (NorskSjukepleiarforbund, red. merkn.) Trass i at NSF ikkje har medlemmer i våravdeling, så tok dei kontakt og synte omsorg. DNJ (Den Norske Jordmorforening,red. merkn.) synte oss ein øredøvende stillhet, skriv dei i pressemeldinga.

Jordmødrene i Nordfjord meiner at regjeringa med dette harvalt den løysinga som ingen vil ha. Modellen er avvist av lokalpolitikarane,kommunelegane i Nordfjord har avvist ei jordmorstyrt førdestove og Helse Førdehar ikkje ønska modellen, skriv dei i pressemeldinga.

Vidare viser jordmødrene til at Sogn og Fjordane frå hausten2012 blir ståande att med berre ei fødeavdeling, med ei jordmorstyrt fødestovei Nordfjord der det er fleire mil, ferje eller fjellovergang til nærastesjukehus. Ingen av dei lokale legane ønskjer å ha det overordna faglegeansvaret for ei slik fødestove, og jordmødrene peikar på at mange avkommunelegane er utanlandske kortidsvikarar.

Jordmødrene skriv at dei har stillt spørsmål ved korvidt deter Helse Førde eller Helse Sunnmøre som skal ha ansvaret for den kommandefødestova, utan å få svar.

Og ikkje minst er vonbrotet stort over jordmorforeininga:

— Kven er DNJ til for? Medlemmene ellerregjeringa, spør dei til slutt i pressemldinga.

Sei meininga di i kommentarfeltet under!