TERJE ULVEDAL

Både barnelege Ole Sverre Haga og overlege Rune Muri, dei to som har fronta legeopprøret mellom sjukehuslegane i Nordfjord, er bedt om å stille på eit møte på Helse Førde-direktør Jon Bolstads kontor førstkommande måndag. Innkalling blei gitt over telefon, etter at det blei kjent at legane kommande måndag arrangerer fakkeltog og folkemøte mot nedbygginga av sjukehuset på Nordfjordeid.

— Det ville vel vore meir påfallande om vi ikkje fekk ei slik innkalling. Vi har gått ut med ein offentleg kritikk som leiinga i Helse Førde nok opplever som illojalitet. Då er det direktørens soleklare plikt og rett å kalle oss inn, seier Rune Muri til Bergens Tidende.

— Oppfattar du det slik at legane rett og slett blir kalla inn på teppet?

— Bakgrunnen for møtet er den kritikken vi har gått ut med. Så eg har vanskeleg for å finne andre ord å bruke om det.

Vil ha ein samtale

Overfor Bergens Tidende avviser Jon Bolstad at han har bedt om eit møte for å gje doktorane strekk:

— Nei, dei har sendt meg eit brev. Då finn eg det naturleg å setje av tid for å møte dei til ein samtale. Dette er folk som har sterke meiningar, men det er også klart at det er ein del informasjon som dei ikkje har fått meg seg.

Helse Førde-direktøren meiner det er klart at legane ved Nordfjord-sjukehuset ønskjer å provosere fram noko.

— Men eg kjenner det slik at eg har hatt eit godt samarbeid med sjukehuset på Nordfjordeid, og eg vil ikkje la dette utspelet øydeleggje det, seier Bolstad.

Ole Sverre Haga har svart Helse Førde-leiinga at han ikkje kan stille.

— Eg har det for travelt både med jobb, og dessutan fakkeltog og folkemøte måndag kveld, seier Haga.

I staden møter difor overlege på medisinsk avdeling René Kløtz saman med Muri.

— Eg ventar å få høyre direktøren seie at det vi har gjort er illojalt, seier Rune Muri.

— Kvar ligg din lojalitet?

— Min lojalitet ligg først og fremst hos pasientane. Men eg likar ikkje å splitte lojaliteten.

Kaldfront

Klimaet mellom føretaksleiinga i Førde og sjukehuslegane på Eid er svært kjølig, etter at Nordfjord-legane i klare ordelag har uttrykt kritikk mot vedtaket om å flytte all akutt og planlagd kirurgi utanom ortopedi til Førde. Helse Førde-direktør Jon Bolstad karakteriserer det som oppsiktsvekkjande at tilsette i føretaket skipar til folkemøte mot sin eigen arbeidsgjevar.

Eid-legane meiner avgjerda om å flytte delar av akuttberedskapen til Førde, er teken på sviktande grunnlag. Dei hevdar dei kan dokumentere at omorganiseringa tvert om vil føre til meirkostnader, og ikkje innsparingar i sjukehusdrifta i Sogn og Fjordane. Bak ligg frykt for at vedtaket vil rive beina under heile sjukehuset.

— Det er ikkje pengar som ligg i botnen. Det er berre noko Helse Førde seier som eit skalkeskjul for at dei vil byggje ut Førde til å bli einaste sjukehuset i fylket. I realiteten blir Førde også det, når akuttenester ved lokalsjukehusa blir tatt vekk, seier Ole Sverre Haga.