NVE har punkt for punkt avvist alle innvendingane frå Fylkesmannen. Alle formkrav, formelle og reelle, til Statnett er oppfylt, ifølgje NVE. Alle forhold som inneber negative konsekvensar av den planlagde kraftlina, er tilstrekkeleg utgreidd ifølgje NVE.

Olje— og energidepartementet, OED, har kjent til innvendingane frå Fylkesmannen i meir enn tre år utan å reagere.

Påtala

Fylkesmannen, som er statens tilsynsmann i fylket, påtala allereie i september 2006 det han meinte var omfattande og klare manglar ved konsesjonssøknaden frå Statnett. Brevet frå Fylkesmannen gjekk i kopi til mellom andre Olje- og energidepartementet.

Fylkesmannen meinte at utgreiingsplikta ikkje var oppfylt og bad om tilleggsutgreiingar for å synleggjere dei totale samfunnsmessige konsekvensane. Han ville ha ei samanstilling av verknader og konsekvensar av ei utbygging, og han ville ha ei vurdering av tilhøvet til internasjonalt ansvar gjennom konvensjonar Noreg er bunden av.

I januar 2007 påla NVE (Noregs Vassdrags— og Energidirektorat) Statnett å utarbeide tilleggsutgreiingar. Men i dette pålegget tok NVE ikkje notis av kravet frå Fylkesmannen om å lage ei utgreiing av «totale samfunnsmessige kostnader og tilhøvet til landskapskonvensjonen».

Ny påtale

Fylkesmannen påtala dette i brev til NVE i mars 2007 der han slo fast at krava i forskrifta om innhaldet i konsekvensutgreiingar ikkje var oppfylt.

Og i brevet, som også gjekk i kopi til Olje- og energidepartementet, «konstaterer (Fylkesmannen) at Statnett SF også i tilleggsutgreiinga gjer greie for premissane i vurderingar og analysar på ein kortfatta og overflatisk måte».

Fylkesmannen konkluderer etter det med at saka ikkje «er utgreidd godt nok for ei total samfunnsmessig vurdering». Han meiner difor at saka ikkje er tilstrekkeleg opplyst til å gjere vedtak i saka.

Fylkesmannen rår etter dette frå utbygging av kraftlina slik den er framlagd i konsesjonssøknaden.

Ingen reaksjon

Heller ikkje då fann Olje— og energidepartementet grunn til å reagere for å imøtekome Fylkesmannens innvendingar og kritikk.

Det gjorde heller ikkje NVE. 30. mai 2008 gav NVE konsesjon til Statnett SF til bygging av den kraftlina det var søkt om.

Her avviser NVE alle innvendingane frå fylkesmannen. Om Fylkesmannen si etterlysing av vurderingar av forholdet til den europeiske landskapskonvensjonen, har NVE dette å seie:

«NVE kan ikke se at det er beslutningsrelevant å gjennomføre en egen utredning».

Punkt for punkt avviser NVE Fylkesmannen sine innvendingar og uttalar at utgreiingane er gode nok.

Avstod frå å klage

NVE tok imot 49 klager på vedtaket om å gje konsesjon. Mellom desse var Hordaland fylkeskommune, kommunane Eidfjord, Ulvik, Granvin og Kvam, NHO Reiseliv, ei rad næringsverksemder, kultur- og miljøvernorganisasjonar og grunneigarar.

Fylkesmannen avstod derimot frå å klage, ikkje av di ein aksepterte vedtaket, men av di ein alt hadde sagt kva ein meinte.

  • Vi hadde kome med våre faglege innspel og ventar at dei overordna organa tek omsyn til det. Dei må sjå til at kvaliteten blir sikra, seier Anniken Friis, seniorrådgjevar hjå Fylkesmannen.

Olje- og energidepartementet opplyser at ein startar klagebehandlinga med ei grundig synfaring kombinert med møte med klagarane, interessegrupper, representantar for kommunane og fylkeskommunen.

I denne saka vart NVE beden om å syte for ein oppdatert teknisk/økonomisk gjennomgang av sjøkabel som alternativ til luftleidning. I fjor haust medverka OED også til at kulturminnespørsmålet vart utgreidd ytterlegare.

Det har også vore naudsynt å få Statnett og NVE til å greie ut nærare alternative trasear, oppgradering av eksisterande leidningar og andre tekniske løysingar for kraftframføring til BKK-området.

Nektar å kommentere

Bergens Tidende har bede Olje- og energidepartementet svare på om departementet har funne grunn til å reagere på grunnlag av dei sterke innvendingane Fylkesmannen har kome med mot utgreiingane som er presentert av Statnett.

Svaret i ein e-post frå departementet lyder slik:

«Når vi fattar avgjerd i denne saka, vil alle spørsmål som betyr noko bli vurdert, inkludert innvendingane frå Fylkesmannen. Ut over det har vi ingen ytterlegare kommentarar til saksbehandlinga.»

Kva meiner du om NVE i denne saka? Sei di meining i kommentarfeltet nedanfor.