Kalk vil fjerne lukta

Vanleg huskalk, ikkje vatn, er det som skal til for å fjerne lukta i Sløvåg, seier kjemiprofessor.

I går var kjemiprofessor Jon Songstad på synfaring på anlegget til Vest Tank i Sløvåg. Han var invitert dit av selskapet, for å gje råd til korleis dei kan bli kvitt lukta som framleis kjem frå anlegget.

Han avviser at regn eller spyling kan fjerne dei illeluktande svovelstoffa.

- Det blir berre å utsetje kløen. Dette er stoff som er lite løyseleg i vatn, seier han.

Songstads råd er difor i første omgang å kalke området med vanleg hagekalk.

- Det gjer slike tungtoppløyselege midlar lettoppløyselege, seier han.

Ei anna løysing er å spyle med klorinvatn, i prinsippet det same som du brukar i badebasseng.

Songstad seier lukta er konsentrert om sjølve eksplosjonsstaden, og ikkje i fjellet og skogen bak.

- Det primære no er at Gulen treng hjelp. Faktum er at norske statsborgarar har krav på eit betre liv enn dette, seier Songstad, etter at han var seks timar i området.

Dagleg leiar Jostein Berland i Vest Tank seier dei vil vurdere forslaget om å kalke i dag.

Han seier dei allereie har fjerna veska som var att etter eksplosjonen, og at dei er i ferd med å sende ho vekk. Han meiner uansett at det ikkje er særleg lukt andre plassar enn nede på sjølve området.

BT skreiv i helga at SFT ikkje har fått melding om tankbåten «Probo Emu», som var ved anlegget då dei to tankane eksploderte i mai.

Berland seier dei no har gått gjennom saka, og at dei hadde alle naudsynte løyver. Han seier Vest Tank berre reingjorde skipstankane, og at volumet av avfall var lite.

- Det var berre det som var i botnen av tankane, seier han.

Berland seier han ikkje veit kvar skipet i så fall har lossa det kontroversielle avfallet.

Les også:

Siste fra Lokalt

o Her står den stjålne
veteranbilen parkert

- Jeg er veldig glad, sier eieren.

Nå fjerner de flaskeølet

Vil hindre russen i å knuse flasker.

Det siste dei treng her er meir
straum. Likevel skal el-nettet
byggjast ut for ein milliard

- Det einaste folk kjem til å stå att med frå dette er naturinngrep og tynnare lommebøker.

Seks timer tok det å lage
denne påskeharen i Voss

Send oss bilder av dine påskekreasjoner!

Trafikkulykke på Sotra

To barn var i bilen. Mannlig sjåfør stakk fra stedet etter krasj. Politiet mistenker rus.

Politiet trodde ikke
på Kristina (24) og
kastet henne ut

Bergensstudent Kristina Nygaard ble nektet inngang til Vest-Saharas hovedstad og plassert i en bil. - Jeg tror sjåføren er sivilpoliti, sier hun.

Bilder