Plask!

Fotografen forsvinn ned i djupet. Det er morgon på Eknes kai. Ikkje direkte sommartemperatur, men regnet har i det minste tatt ein pause. Eg står igjen på kaien med handkleet rundt skuldrene.

— No må du vera rask, me reiser om ti minutt, kjem det frå matrosen.

Her er det inga bøn. Rutetidene må følgjast til punkt og prikke. Men eg kan jo ikkje vera dårlegare enn fotografen.

Plask!

Kroppen får småsjokk. Eknesvåg viser fram si kalde side i dag. Eit par symjetak seinare har eg igjen land under føtene. Det var dagens dusj. Eg kjem meg om bord. Like etter fløytar «Granvin» adjø.

Møtet med sjøvatnet fekk søvnen ut av augo på ein blunk. Kroppen er igjen klar for jobb.

— Tut, tuuut!

«Granvin» helsar på neste stoppestad: Isdalstø

Fotografen og eg hoppar av båten - på land denne gongen. Kalothes Kattepensjonat i Alversund er målet. Kari Medaas har 70 lodne gjester no midt på sommaren. På grunn av storinnrykket hjelper Marianne Haugland (24) til.

— Det er så fredeleg og koseleg her på Alver. Eg flyttar ikkje herifrå, seier ho.

Me har høyrt det same alle stader me har vore: Det er så fint her i Telavåg/Lonevåg/Eknesvåg ...

Alle har sin favoritt. Men så langt har dei vore kalde. Me kryssar fingrane for at me snart møter ein varm ein.

BERGENS TIDENDE