— Brutalt utfordrande samanlikna med tidlegare utgreiingar, kommenterer statssekretær Erik Lahnstein i Samferdsledepartementet.

Jernbaneverket skal summera opp utgreiingsarbeidet før årsskiftet, til bruk i handsaminga av Nasjonal Transportplan.

_Les også:

Let seg ikkje vippa av pinnen_

let seg ikkje vippa av pinnen

— Alle andre tiltak for utsleppsreduksjon av klimagassar er billegare og meir effektive enn å satsa på høgfartsbane, seier John Magne Skjelvik i Econ Pöyry AS.

Kostar meir enn det smakar

Hans svenske kollega Karin Ibenholt i har gjennomført ei samanlikning mellom den utgreiinga som tyske WWI har gjort, og tradisjonell norsk vurdering av kostnader og nytte.

Etter tysk modell er netto nytte fire milliardar kroner for lyntog. Norsk modell tilseier at det kostar 54 milliardar meir enn det smakar.

_Les også:

Reisetid tel mest_

Størst utslag gjer diskonteringsrenta. Den er to prosent i Tyskland, 4,5 prosent i norsk samferdsel.

Tyskarane ser mellom anna sysselsettinga som nytte. Her i landet har arbeidsmarknaden vore stram det meste at etterkrigstida, med berre korte avbrot. Eit slikt avbrot kan vi stå framfor nett no, men det blir kanskje ikkje langvarig.

Norske styresmakter reknar også inn eit skattetillegg på 20 prosent ved bruk av offentlege midlar.

— Vi er rett og slett ikkje mange nok her i landet til at høgfartsbaner har noko for seg, seier Skjelvik.

- Må tenke på klima

Norges Naturvernforbund ser annleis på klimarekneskapen.

— Vi må ta klimautfordringane alvorleg, seier Holger Schlaupitz. Han var Naturvernforbundet sin målsmann på Samferdsledepartementet sitt lyntogseminar i Oslo i går.

Dei ser det største potensialet der toget kan ta over flytrafikk. Likevel går dei inn for å bygga ut i Austlandsområdet først, på dei linene som seinare kan forlengast til dei aktuelle høgfartsbanene.

Svenskane vil gå vidare med høgfartsbanane sine. Bo-Lennart Nelldal viser til utviklinga i andre land. Japan har satsa mest, har nesten halvparten så langt lyntognett som motorvegnett. USA har late fly- og busselskap styra utviklinga, og har nesten ikkje kollektivsystem.

— I Europa har vi framleis høve til å velja, seier Nelldal.

Lyntog eller ei? Kva meiner du?

LYNTOG: Her eit fransk eksemplar av arten. ARKIVFOTO: BERGENS TIDENDE