ARNE HOFSETH

Termometeret avslørte ein sjøtemperatur på berre seks grader då han i går la ut frå Skjolden, inst i Lustrafjorden, for å symja heile Sognefjorden til endes.

Men kulden tok slett ikkje motet frå friskusen som har ei imponerande rekke av krevjande symjeturar bak seg. Først etter fire timar og eitt kvarter hadde han fått nok for dagen, og gjekk i land på Talle, om lag fire kilometer utanfor Luster. Dermed hadde han lagt bak seg 12 kilometer første dagen.

— Eg er veldig godt nøgd med å ha kome så lang når vatnet viste seg å vera så kaldt, seier Pugh til Bergens Tidende.

Han kjenner seg i god form, og klar til å ta fatt på neste etappe, kanskje til Urnes stavkyrkje eller der omkring.

Med farten han heldt i går, kan den 204 kilometer lange symjeturen til Eivindvik gjerast unna på nøyaktig 17 dagsetappar. Men Lewis har tankar om å auka dagsetappane etter kvart som sjøen vert meir salthaldig (flyt lettare) og varmare, etter kvart som han nærmar seg havet. Fjorten dagar har vore nemnt, men Lewis poengterer at det ikkje er noko nederlag å måtte bruka meir tid. Poenget for han er å gjennomføra.

Han har tidlegare sumt i kaldare vatn, då han i fjor sumde rundt Nordkapp. Men der var vatnet saltare. Den lengste symjeturen hans til no er på 100 kilometer, om lag halvparten av Sognefjorden, og den gjekk i saltvatn og behageleg temperatur. I Sognefjorden er det kaldt, på lange strekningar bortimot ferskvatn, og 204 kilometer er nesten endelaust langt å symja.

FIRE TIMAR I SEKS GRADER: - Eg er veldig godt nøgd med å ha kome så lang når vatnet viste seg å vera så kaldt, seier den symjande advokaten Lewis Gordon Pugh. FOTO: KNUT STRAND