I revidert nasjonalbudsjett som blei lagt fram før helga, slår departementet fast at «større reiselivsanlegg med tilhørende aktiviteter skal være lokalisert utenfor verneområdene». I tillegg heiter det at tiltak som føreset vesentlege infrastrukturelle tiltak og bruk av motorisert transport innanfor nasjonalparkar og andre verneområde vil vere i strid med gjeldande nasjonalparkpolitikk.

— Slike tiltak vil forringe nett dei kvalitetar som gjer desse områda attraktive, skriv departementet.

Kaldakari-forliket

Sjølv om formuleringane i revidert nasjonalbudsjett ikkje konkret nemner Kaldakari-prosjektet, er dei heilt klart mynta på det omstridde prosjektet i Indre Sogn.

— Dette er ikkje lysteleg lesnad, seier ein lett resignert leiar i Veitastrond Bygdelag, Asbjørn Nes.

— Er bygdelaget i ferd med å gje opp planane?

— Nei, men vi er realistar, og innser at dette ikkje blir så lett å få gjennom. Det blir nok vanskeleg å få miljøvernminister Børge Brende til å opne opp for denne type tiltak.

Nes har vore sentral mellom eldsjelene i sognebygda som vil byggje ein restaurant på toppen av fjellet Kaldakari. For å frakte turistar til restauranten på fjelltoppen vil dei bruke helikopter.

Prosjektet har blitt sett på som ein prøvestein for kvar grensene skal gå for kommersiell turistsatsing i verna område. Kaldakari ligg nemleg innanfor grensene til nasjonalparkområdet rundt Jostedalsbreen, og to miljøvernministrar har tidlegare sagt nei til planane.

Opseth og Hagen

Men initiativtakarane på Veitastrond fatta nytt håp i fjor haust. I samband med budsjettforhandlingane bad eit fleirtal i finanskomiteen på Stortinget regjeringa gjere ei ny vurdering av kommersiell bruk av verna område. På Løvebakken blir dette vedtaket berre omtala som Kaldakari-forliket.

Veitastrond Bygdelag sende dirfor ein ny søknad om løyve til å gjennomføre prosjektet. I ryggen har dei mektige støttespelarar. Tidlegare samferdsle- og kommunalminister Kjell Opseth har engasjert seg sterkt for planane, og brukt sitt kontaktnett for å få søknaden gjennom. Og i fjor fekk Frp-leiar Carl I. Hagen solid medieomtale då han flaug over fjellområdet og gav utilslørt støtte til turistprosjektet. Frp pressa også sterkt på for å få til Kaldakari-forliket.

Intern strid i Høgre

I tillegg har dei luftige planane skapt stor intern strid i Høgre. Partiets stortingsrepresentant frå fylket, Sverre Hoddevik, har vore ein varm talsmann for Kaldakari. Også partileiar Jan Petersen og fraksjonsleiar Jan Tore Sanner i finanskomiteen har uttalt seg fordelaktig om prosjektet. Men ikkje Børge Brende. Så seint som i april i fjor sa miljøvernministeren nei. No gjer han det altså på ny, om enn indirekte.

Initiativtakarane på Veitastrond har marknadsført Kaldakari-prosjektet som eit spektakulært forsøk på å få til turistverksemd i ei bygd med stor fråflytting.

— Jordbruket er det vi lever av, men arbeidsplassane i landbruket blir stadig færre. Får vi ikkje til utvikling på andre område, vil det gå gale med Veitastrond, seier Nes.

TALSMANN FOR KALDAKARI: Kjell Opseth har engasjert seg sterkt for helikopterturisme til Kaldakari like sidan prosjektet blei lansert her på Veitastrond på slutten av 90-talet.<p/> ARKIVFOTO: HELGE HANSEN