Magne Rommetveit sikra greitt Ap sitt femtemandat i Hordaland etter jamn framgang for partiet over heile fylket.

Fordi Rommetveit måtte tilbringa valvaken på Folkets Hus i Bergen, er det først i kveld hans nærmaste partivener kan feira den nye tingmannen. Det skjer på Stord rådhus, der eks-ordførar Rommetveit i dag er tilsett som kommunalsjef.

Det er første gong sidan 1997 Arbeidarpartiet får fem representantar frå Hordaland. Partiet enda på 30,5 prosent av røystene, fram 2,6 prosentpoeng.

Ap hadde framgang i såvel Stord (pluss 3,3) som Bergen (2,8), Sveio (5,4), Austevoll (1,9) og Odda (3,3). I Sunnhordland var det Ap-tilbakegang berre i Kvinnherad (minus 0,2).

Magne Rommetveit (53) etterfølgjer Olav Akselsen (44) som Stord og Sunnhordland sin Ap-representant på Stortinget. Akselsen trekte seg i år etter fire periodar på Tinget, og blir ny sjøfartsdirektør 1.januar 2010.